Anlegget vart starta som Vetrhus Feriesenter i 1985. I 2015 kjøpte Torill og Håkon Rundereim feriesenteret som dei driftar saman med tre søner. Sesongen er frå april til oktober.

Familien Rundereim har lagt ned stor arbeidsinnsats og gjort store investeringar for å få feriesenteret opp på dagens standard.

Hytter og båtutleige

Skottneset Feriesenter ligg fint til ved Barmsund, vel 10 kilometer nord for Flatraket. I tillegg til å drive hytte- og båtutleige, er det eigen campingplass med sanitæranlegg på feriesenteret. Dei har i alt 9 moderne og velutstyrte utleigehytter og i alt 14 båtar for fisketuristar. Alle båtane er utstyrte med overbygd styreposisjon og kahytt og ekkolodd kan leigast.

Gode fiskeplassar

Skottneset er sentralt plassert i høve til Atlanterhavet, og det gjev det kort avstand til gode fiskeplassar rundt øyene Barmen og Silda. Fiskesortar som kveite, breiflagg, havål, torsk, hyse, sei, lyr, hummar og krabbe finst i rikelege mengder. På land er alt lagt godt til rette for prekevering av fiskefangstane. Eit romsleg fileteringshus og fryserom er stilt til disposisjon for fisketuristane.

Flest tyskarar

Naturleg nok er det fisketuristar som dominerer blant gjestene. Forholda for denne etter kvart store gruppa av turistar er bortimot perfekte på Skottneset. Blant fleire nasjonalitetar er det flest tyskarar, men og mange norske turistar har fått auga opp for det flotte anlegget ved Barmsundet.

Meir enn fisk

Å fiske er nok hovudmotivet for turistar som vel Skottneset som feriemål. Men plassen ligg ikkje langt ifrå alt Selje og Stadlandet har å by på. Kystbyen Måløy, ved det sørlege Ulvesundet, ligg under ein halvtimes køyretur borte. Nord i Ulvesundet kan ein besøke Ulvesund fyr, som har vore eit lyspunkt for dei sjøfarande i snart 150 år. På fyret tilbyr dei utleige, kafé, kurs og kultur.

På nordpynten av Vågsøy mellom bygdene Vedvik og Halsør ligg Skongenes fyr som er ei DNT-hytte basert på sjølvhushald.

Mest spektakulært av fyra på våre kantar er Kråkenes fyr. Her og har dei kafé og overnatting. Vêrstasjonen der er den som oftast måler storm og orkan i Norge. Reisenettstaden Tripadvisor har peika ut Kråkenes fyr som eitt av verdas beste reisemål.

EIGE FILETERINGSHUS: Fisketuristar i full gang med å filetere dagens fangst. Foto: Per Ole Lefdalsnes
HYTTER VED SJØKANTEN: Populære både blant fisketuristar og andre turistar. Foto: Per Ole Lefdalsnes