Han var tilskodar då debatten gjekk heftig i Selje kommunestyre om plasseringa av minnesmerket Olavssteinen. Mot Marita Aarvik (Frp) si stemme vedtok Selje kommunestyre at natursteinen skal plasserast på Kuberget.

Sterk fråråding

– Fylkeskommunen har kome med sterk fråråding på plassering på Kuberget, og har bedt kommunen vurdere anna plassering. Bakgrunnen er at den kjem nær gravplassen til den gamle kyrkja på Selja, påpeikte Aarvik.

Svein Hansen (Frp) kom med eit hjartesukk.

– Har vi kome så langt at det er fylkeskommunen som skal bestemme kvar steinane skal stå i Selje kommune?, sa Hansen, og meinte at Selje er vande med å bli dikterte.

– Argumenta frå fylkeskommunen er litt dårlege. Det er ikkje kulturminne akkurat der steinen er tenkt plassert, men eit glatt berg. Kommunen har vore litt knallhard tilbake, og ser ikkje heilt problemet. Her i denne saka opplever vi ikkje godt hald i argumenta frå fylkeskommunen. Derimot meiner vi dette er einaste logiske plassen å legg til rette for den. Vi registrerer at fylkeskommunen er knallhard her, men dei har ikkje ei god sak her, sa ordførar Stein Robert Osdal.

– Eg vil signalisere at vi vil støtte framlegget. Fylkesmannen vil vi krangle med i årevis likevel, smilte Anfinn Sjåstad (Frp).

Fornøgd

Torkjell Djupedal var etter møtet svært fornøgd med kommunestyret sitt vedtak.

– Det er det eg har sagt heile tida. Det er Selje kommune som må bestemme kvar steinen skal stå, og eg har aldri forstått innvendingane. Rundt i landet finnast det massevis av monument på historiske område. Det er samtidig snakk om ein naturstein, sa Djupedal.