Saman med sambuaren Anette Agledal og med god hjelp av familie og vener driftar Kai Nave hjortegarden som har gått gjennom ei rivande utvikling i løpet av dei fire åra sidan starten i 2014.

Han har jobb offshore, og ho jobbar i eldreomsorga på Nordfjordeid, så det kan til tider bli travelt for sambuarparet, men etter kvart som hjortegarden genererer inntekter, kan dei redusere dei eksterne jobbane.

Kai Nave vaks opp på garden der han i lag med faren dei siste åra dreiv med Aberdeen Angus ammekyr. Så låg drifta nede 8–10 år før hjortefarmen blei etablert. Nave fortel at det ikkje var kyr han var interessert i, men hjort. Ivrig hjortejeger har han vore nesten heile livet, og i godt vaksen alder fekk han idéen med hjorteoppdrett.

Åtte hjortekalvar blei innkjøpte frå Lærdal og dermed var dei i gang. I dag har dei om lag 40 hjortar på farmen, og i løpet av dei første vekene i juni er 15–16 hjortekalvar venta. Nave har konsesjon på 30 mordyr, så med full drift vil det vere 90 dyr på hjortegarden sommars tid.

Enkelt husdyr

Hjorten er enkel å ha med å gjere som husdyr, fortel Nave. Den blir fort tam og innordnar seg greitt i innhegningane. Sjefskolla Bente har god kustus på flokken. Også kronhjorten Oscar må innordne seg. På spørsmål om det er mykje å tene på å drive med hjort ler Nave: − Mange utgifter og mykje arbeid, seier han. Men sambuarparet er heilfrelste på det dei driv med, og hardt arbeid skræmer dei ikkje.

Gjerda treng ettersyn og vassforsyninga må vere i orden. Stadig tilsyn sikrar at dyra heldt seg sunne og friske. Lungeparasittar har vore eit problem, men ikkje flått, opplyser Nave.

Gjer alt sjølv

I tillegg til heimegarden har Nave kjøpt ein grannegard og leiger ein. Det er stort sett gamal slåttemark og innmark, så det er atskillege meter med gjerde å setje opp. Han gjer arbeidet sjølv, og har nyleg også oppført grillhytte med plass til femti og eit servicebygg.

Hektisk sommarsesong

Besøkande strøymer til hjortegarden om sommaren. Nyleg var Golvsengane barnehage med 30 barn på hjortefarmen. Ungane var levande opptekne av nærkontakten med hjorten. Også ponniriding og ein tur i kanoen var populært.

Eit besøk på hjortegarden på Nave er like populært hos sjukeheimspensjonærar som barn. Familiar legg og gjerne turen til Nave. Blåturgrupper er ei veksande besøksgruppe, og utdrikkingslag tek dei og i mot. Ved det idylliske Navevatnet vel mange å feire bursdagar og andre storhendingar i familien.

På Nave kan ein drive med øksekasting, paintball, kaste lasso, leige kanoar eller fiske aure. Nærkontakt med dyra og grilling høyrer og sjølvsagt med. Dei romantiske kan prøve seg med hjortekyss: Dei held ei brødskive i munnen som hjorten tek i eit fuktig kyss.

Kennel Hjortefall

Den andre hovudinteressa til sambuarparet er avlshundar. Dei har fire hundar av jakthundane Norsk Svart Elghund og Basset Artesien Normand som er ein framifrå jakt- og sporingshund. Dei ventar i nær framtid eit kull på opp til 7–8 kvelpar av denne rasen. Både bassetane og elghundane har ei stamtavle som er av dei beste i Norden, og elghundkvalpar blir det og i løpet av sommaren.

STAS MED HJORT: Borna frå Eid tykkjer det er stas å komme så nær dei flotte dyra. Foto: Per Ole Lefdalsnes
FULL KONTROLL: Dei to sjefane, lamahingsten Patty og hjortekolla Bente, vaktar nøye kvar sin hjord Foto: Per Ole Lefdalsnes
NÆRKONTAKT: Anette Agledal har god kontakt med hjortane. Dei likar ein godbit. Kai Nave følgjer med Foto: Per Ole Lefdalsnes
Foto: Per Ole Lefdalsnes
Å KANOTUR: Også ein kanotur på Navevatnet var stas for borna. Foto: Per Ole Lefdalsnes
FULLTREFFAR: Kai Nave har nettopp fått inn ein fulltreffar med kasteøksa. Foto: Per Ole Lefdalsnes
PONNIAR ER POPULÆRT: Rikki, Mille og Beatrix klare for ridetur. Karoline Finnøy og Sigrunn Falkevik Øye (midt på bildet) syter for trygg riding. Foto: Per Ole Lefdalsnes
NYFØDD HJORTEKALV: Berre ei veke gamal og held seg i skogkanten nær mor. Dei første vekene i juni skjer dei fleste hjortefødslane. Foto: Per Ole Lefdalsnes