Dei sju bedriftene er Normatic, Caverion, Eid elektro, Moderne varme, Nordplan, Fjordvarme og Segel. Dei opererer alle innanfor felt som inneheld elektro og automasjon. Dei har felles utfordringar, og vil no starte eit tettare samarbeid for å utvikle seg vidare. I første omgang ein virtuell del. Men på sikt ønskjer dei også eit bygg for innovasjon, forsking og utdanning.

Prosjektleiar for dette samarbeidet er Trond Haavik frå Segel.

– Vi er no inne i første fase, forstadiet, som skal avsluttast no i juni. Innan utgangen av 2018 vil vi fullføre forprosjektet. Og i løpet av 2019 vil vi starte opp med virtuell del, samarbeid mellom bedriftene. Eit bygg kjem ikkje på trappene før eventuelt i 2020, seier Haavik. Eit nybygg vil i så fall bli etablert på ei ledig tomt på 16 mål ved sidan av bygget til Normatic. For å utvikle prosjektet vil ein også kunne bruke ledige areal/lokale til dømes ved sjukkehuset.

Begeistra statssekretær

Fredag i førre veke hadde dei invitert statssektretær for høgare utdanning og forsking,Rebekka Borsch (V) til Nordfjordeid. Ho la ikkje skjul på at ho let seg begeistre av dei innovative planane til elektro og automasjonsmiljøet i Eid.

– Dette er midt i blinken for kva vi ønskjer skal skje i framtida. Eg ser at ein er langt framme i planane med dette prosjektet, og eg trur dette ikkje minst vil kunne appellere til regionale forskingsfond, der det kan vere pengar å hente, sa Rebekka Borsch i møtet på fredag.

Få ungdom heim

Eit av måla med prosjektet er rekruttering av arbeidskraft. Dette skal skje ved å skape attraktive nærings- og kunnskapsklynge som skal kunne konkurrere mot meir urbane arbeidstilbod.

– Vår største utfordring er å få tak i nok kvalifisert arbeidskraft, seier dagleg leiar ved Normatic, Hans Inge Solheim som viser til at berre ein av fem som tek utdanning utanfor fylket kjem heim. Medan 4 av 5 som utdannar seg i fylket blir her.

Kunnskapsklynga innan elektro- og automasjon på Eid er tenkt å innehalde både forsking, utdanning og utveksling av kunnskap. Det betyr mellom anna samarbeid med forskings- og utdanningsmiljø.

– Eg er imponert over tankegangen og planane her på Eid. Dette her heilt etter oppskrifta som vi ønskjer innanfor kunnskapsdepartementet, sa statssekretær Borsch i førre veke.