Bygdefolket og initiativtakarane har all grunn til å føle lette og stor glede over at Utdanningsdirektoratet har godkjent oppstart av privatskule på Bryggja.

Det har vore spenning heilt til det siste – då godkjenninga kom berre timar før fristen gjekk ut.

Styreleiar Solveig Midtbø og co. har stått på heilt til det siste, og Midtbø har rett når ho konstaterer at det har vore eit maratonløp.

Det har vore kaotiske tilstandar rundt Bryggja skule, etter at Vågsøy kommune vedtok å leggje ned skulen i bygda frå hausten 2018. Frå kommunen si side såg det lenge ut til å ha gått prestisje i saka. Heile tida har det kome signal som har gjort at ein har oppfatta Vågsøy som er vanskeleg. Døme på dette er då rådmannen presenterte ein skyhøg leigesum for skulen på 1,1 millionar kroner. Det kan verke som at kommunen gløymde at dei har eit ansvar overfor barna som framleis er innbyggjarar i Vågsøy kommune.

Foreldre måtte søkje elevane sine på skuleplassar utanfor bygda. Nokre vart søkt til Stårheim skule, andre til Skavøypoll skule og til private Kjølsdalen Montessoriskule. Resultatet ville bli ei splitta bygda og at barna ville bli spreidd for alle vindar, og ikkje få gå på same skule.

Det viktigaste opp i det heile no er at barna får gå på skule i heimbygda si. Dei får gå saman med venene sine, og dei slepp lenger skuleveg. Også for borna har det vore tøffe tider. Dei visste at skulen i bygda skulle leggjast ned om ei veke, og dei har gått i uvisse om kvar dei skal starte på skule om to månadar.