Barnehagen har no 25 born, og i tillegg til born og foreldre var det mange sysken og besteforeldre som var med på festen, som koste seg med mat og drikke ute i den fine sommarkvelden.

Topp kvalitet

Dagleg Leiar Wenche Nygård er svært nøgd med barnehagen på Fjordly. Ho fortel at den er ein tradisjonsrik barnehage, som har vore ein viktig del av lokalmiljøet i over 30 år. Dei er opptekne av at barn skal lære og utvikle seg i trygge og oversiktlege omgivnader med eit velutdanna og stabilt personale. Ho er stolt over at i ei brukarundersøking publisert i bedrebarnehager.no i år, stod Fjordly barnehage som ein av beste i landet med toppkarakteren 5.

Nær jord og sjø

Barnehagen ligg idyllisk plassert med nærleik til naturen, aktive gardsbruk og sjø, og både inne og ute har dei raust med plass. I lammetida var det svært populært å komme inn i fjøsen og få nærkontakt med lamma. Borna sjølve seier og at dei også likar hestar og geiter svært godt.

Barnehagen er i det heile tatt opptekne av å bruke lokalmiljøet aktivt, med vekt på bruk av lokale ressursar og lokal kultur. Ungane lærer gjennom eigenaktivitet god bruk av naturen, korleis maten vert til og om lokale matskikkar.

Stort nedslagsfelt

Wenche Nygård peikar på at barnehagen ligg svært sentralt til på Holmen på Totland i høve til nabokommunane Selje, Vanylven og Eid. Ho håper fleire blir merksame på den unike barnehagen. Dei tek inn barn også frå andre kommunar. Alle som har lyst kan gå der, presiserer ho.

Ho framhevar det gode arbeidet foreldreutvalet gjer i drifta av barnehagen. Dei arbeider og aktivt for å få fleire barnefamiliar til Bryggja og dermed auke rekrutteringa til barnehagen.

Kom til Bryggja!

Leiar i utviklingslaget Øystein Hessevik, er og opptatt av å få fleire småbarnsforeldre til Bryggja, og poengterer kor sentral bygda er i høve til den lokal arbeidsmarknaden. Med rimeleg pendling kan ein nå mange og varierte bedrifter, i tillegg til offentlege arbeidsplassar. Rimelege tomter vil etter kvart og bli tilgjengelege. Prisane ligg vesentleg under prisane på tettstadane i fjorden.

VELKOMMEN: Det var fint pynta med ballongar og flagg då Fjordly barnehage inviterte til årets sommarfest. Foto: Per Ole Lefdalsnes
MED RUSSELUE: Mathilde (6) og Johannes (3) med pappa Øystein Hessevik. Mathilde seier at ho likar geiter og hestar. Foto: Per Ole Lefdalsnes
STORT UTEOMRÅDE: Fjordly barnehage har eit stort uteområde med god plass til leik og moro som dei kan boltre seg på. Foto: Per Ole Lefdalsnes
LODDSALET I GANG: FAU står for basaren og loddsalet. Dei håper å få inn 5000 kroner til barnehagen. F.v. Isabelle Rajeswaran, Ragnhild Nordbø, Geir Bakke, Wenche Nygård og Rune Langseth. Foto: Per Ole Lefdalsnes
STRÅLANDE SOMMARFEST: Både store og små koste seg i den fine sommarkvelden. I tillegg til mat og drikke, var det underhaldning av borna, og loddsal med rekordmange gevinstar. Foto: Per Ole Lefdalsnes
BLOMSTER OG KLEM: Dagleg leiar Wenche Nygård rosa foreldreutvalet ved barnehagen og det vanka både blomster og klem. F.v. Ragnhild Nordbø, Geir Bakke, Isabelle Rajeswaran og Rune Langseth. Foto: Per Ole Lefdalsnes