Det har kome omfattande innvendingar frå grunneigarar og andre bebuarar i samband med planane om masseuttak i Hjelmelandsdalen.

Dei som bur i nærområdet legg vekt på at ein kan risikere at trafikken til tider vil bli stor med auka fare for mjuke trafikantar og nedkøyring av vegar. Areal innanfor «støysona» er bandlagt i veldig lang tid og vil hindre naboar å kunne utnytte sine areal til byggeformål for «all» framtid.

Dei viser også til at Hjelmelandsdalen er eit område der det er satsa mykje på å legge til rette for natur- og friluftsliv samt oppbygging av hytteområde og skianlegg. Bebuarane meiner at det er særs uheldig å plassere eit steinbrot i eit slikt område. Grunna estetikk, støy og støvproblem er dette formål som etter deira syn ikkje let seg kombinere.

Burde blitt varsla

Bebuarane er også svært misnøgde med at naboar til slike støyande/forureinande tiltak ikkje vert varsla særskilt i arbeidet med utarbeiding av arealdelen til kommuneplan, sidan dette er aktivitet som i stor grad reduserer kvaliteten med å bu i eit naturskjønt område.

Hjort og beite

Det vert frå grunneigarar peika på at det planlagde masseuttaket er ein del av eit jaktområde. Utbygging vil kunne få negativ innverknad på hjortejakta. Det vert også peika på at det er registrert hubro, hekkande sporvehauk og kattugle i området og at vegane ikkje er dimensjonert for tungtrafikk. Arealet ligg midt i eit beiteområde og vil medføre ekstra belastning for beitedyra. Dynamittsalvane ogsteinknusinga vil uroe og kunne skade både folk og fe.

Forstår bekymringa

– Eg forstår bekymringa. Vegen ligg tett opp til tunet til folk. Der er ingen plass til mjuke trafikantar. Det er dette med vegen som er mi bekymring, påpeika utvalsmedlem Grethe Dahl Sandven (V) då teknisk- og samfunnsutval behandla saka onsdag. Sandven viste til at det i planen går fram at aktiviteten vil innebere 2,5 lastebilar per døgn som følgje av etableringa av masseuttaket, og ho frykta at det kan bli meir. Ho gav samstundes uttrykk for ei viss forståing for at folk ønskjer å drive næring på eigen eigedom.

Venstrepolitikaren stilte spørsmål om vegen er bra nok. Ho fekk til svar frå administrasjonen at dette er fylkesveg som har naudsynt vegklassifisering. Det kom også fram at den kommunale vegen via Bjørhovde kan nyttast.

Går gjennom gardstun

Petter Bakke (KrF) var oppteken av dei mjuke trafikantane og la vekt på at vegen går gjennom gardstun der barn leikar. Han stile spørsmål om det kan vere mogeleg med nedsett fartsgrense. Han peika på at masseuttak kan ein etablere korsomhelst.

– Eg kan ikkje sjå at det ikkje er masse å få tak i både her og der, påpeika han.

– Det er bra med masseuttak i kommunen, påpeika også Nikolai Åshamar (Sp).

Beburarane er skeptiske

Også leiar i TSU, Alf Reidar Myrstad peika på at det allereie er mange masseuttak i kommunen, men at arealet er avsett til slik bruk i arealplanen. Myrstad la vekt på at dei som bur og dei som driv næring i nærområdet i form av landbruk er veldig skeptiske, og han kunne ikkje sjå at det i planen er teke omsyn til dei.

– Eg er imot å etablere masseuttak der, fastslo Myrstad og signaliserte at han kom til å stemme imot. Han peika på at ein no endeleg har fått fjerna slamavfallsplassen på Reset, og så kjem ein i staden med masseuttak med støy og støv, det ville han ikkje vere med på å utsetje bebuarane for. Han frykta også for konsekvensar for landbruk og hjort.

Er i tråd med krava

– Planen stettar det som er av krav. Eg ser ingen grunn til å ikkje godkjenne, påpeika Per Tore Borgund (Frp).

–Feilen starta med at det vart godkjent i førre arealplan. Dei som bur der var ikkje klar over at det var lagt inn, forklarte utvalsleiar Myrstad som konkluderte med at han lever best med å seie nei. Han viste mellom anna til at ein har utvikla område i nærleiken til turisme.

– Masseuttak kan vere ein annan plass, poengterte han.

Avstemmingsresultatet viste seks som sa nei og to, Per Tore Borgund (Frp) og Ove Kjøllesdal (H) som støtta rådmannen si tilråding om å godkjenne detaljreguleringsplanen. Kommunestyret tek endeleg avgjerd i saka.