Fellenemnda for nye Stad kommune vedtok i førre veke mandat for politisk organisering. Der heiter det mellom anna at kommunestyret skal ha 33 medlemmer. Formannskapet skal ha 9 medlemmer og det skal vere faste politiske utval (hovudutval). Fellesnemnda tek ut over dette avgjerd om struktur for råd og utval i den nye kommunen. Ein skal veksle på stad for dei politiske møta etter ein samla årsplan der omlag halvparten av møta i råd og utval blir lagt til kvar stad.

Fellesnemnda skal ha ansvar for å utarbeide samla modell for den politiske organiseringa av den nye kommunen som skal vedtakast av det nye kommunestyret, kome med uttale/innspel om val av hovudmodell for administrativ organisering av den nye kommunen, utarbeide framlegg til delegeringsreglement som skal vedtakast av det nye kommunestyret, utarbeide framlegg til politisk reglement, godtgjerslereglement og andre reglement som skal vedtakast av det nye kommunestyret.

Skal bli fleire

Målet med Stad kommune er ikkje minst:

. Skal samskape – samordne og samarbeid

. Skal tilby heilskapleg og effektiv tenesteyting

. Skal bli fleire

. Skal vere nyskapande

Skal skape engasjement

Arbeide for auka likestilling

Engasjement

Målet er å få tenlege politiske strukturar som bidrar til engasjement og god demokratisk styring, ikkje minst engasjement og god rekruttering framfor kommunevalet hausten 2019. At innbyggjarane er godt representerte i kommunen sine styrande organ, dvs at dei folkevalde kjenner innbyggjarane sine meiningar, interesser og behov (god balanse mellom kjønn, alder og geografisk spreiing). Politisk struktur og arbeidsformer som engasjerer og som tek i vare heilskapen. Gode samskapings- og medverknadsordningar for innbyggjarane. Gode arbeidsvilkår for dei folkevalde ved at dei får bruke tida på ein meiningsfylt, motiverande og effektiv måte. God rolleforståing mellom politikk og administrasjon.