Natt til 15. mars 1978 invaderte Israel Libanon for å drive palestinarane ut av grenseområda. Den utløysande årsaka var eit palestinsk kommandoraid nær Haifa.

Norge deltok via FN i 20 år med fredsbevarande styrker, med første kontingent 6. april 1978. Dei norske styrkene fekk namnet NORBATT (Norsk bataljon).

22.441 nordmenn tenestegjorde i UNIFIL-styrkene mellom 1978 og 1998. På det meste var det rundt 900 soldatar samtidig. 21 av dei norske soldatane mista livet i FN-tenesta i Libanon.

Oppdraget varte i 20 år

Fjordabladet har samla eit knippe av dei lokale UNIFIL-veteranane til ein prat i samband med at det no er 40 år sidan det 20 år lange oppdraget starta.

Jan-Erik Hellebust (60) og Magne Endal (69) melde seg tidleg til teneste og var med allereie i andre kontingent som reiste nedover i september 1978. Då stod troppane framleis på grensa.

– Eg var 20 år, «ung og udødeleg». Du tek ein del ting på strak arm i den alderen, men er du ikkje redd av og til, så er du litt dum, seier Jan-Erik når han ser tilbake.

Dei norske FN-styrkene var delt inn i fire avdelingar; Bataljon, Teknisk, Sanitet med feltsjukehus og Helikopterving. Avdelingane hadde i tillegg sin eigen sanitetsstyrke, og Hellebust var nestkommanderande i sanitetstroppen i Bataljonen, med ansvar for ambulansane. Kvar kontingent var til stades i Libanon i eit halvt år. Jan-Erik treivst så godt at han var tre kontingentar på rappen, frå hausten 1978 til våren 1980.

Magne Endal var i Libanon ein kontingent frå hausten 1978 til våren 1979. Han var offiser i Teknisk kompani med ansvar for reparasjon av utstyr, ei avdeling som serva dei andre avdelingane for heile FN-styrken. Han var då 29 år. Eitt av minna som har brent seg fast er då fire norske soldatar døde i helikopterstyrt på den siste turen før dei skulle reise heim.

Kjell Sørland (62) reiste nedover i 1982, medan broren Per Ove Sørland (64) var der i 1998. Per Ove Sørland var troppsjef i ein pionertropp, som mellom anna hadde med mineklarering og sikkerheit å gjere.

Kjell var sjåfør i ein transporttropp og tenestegjorde i Libanon under invasjonen 6. juni då 5000 stridsvogner med 58.000 menn kom dundrande innover. Det var så voldsomt at det einaste dei kunne gjere var å gå i dekning. 5. juni gjekk dei i tilfluktsromma og var der i tre døgn til israelarane hadde passert.

Bakgrunnen for invasjonen var at PLO hadde gått til angrep på nærliggande byar.

– Det var ikkje oss dei var ute etter, men det var ikkje trygt, forklarer Kjell. Dei israelske styrkene var først og fremst ute etter PLO-leiarar. Kjell fortel også om kampar mellom syriske troppar og israelarar.

Du kunne bli treft av granatar. Ein norsk soldat døde etter å ha blitt treft av ein granatsplint.

FN-styrken var der ikkje for å vere ein stridande styrke og hadde stort sett berre lettare våpen. Men også norske soldatar opna eld og tok liv. Instruksen var å ikkje eskalere ein situasjon, men prøve å roe ned. Siste utveg var å forsvare seg med dei midlar ein hadde til rådvelde.

Per Ove fortel at feltpresten var god å ha.

Han sa: – Skyt først om behovet er der, det ville eg ha gjort. – Du får tilgiving.

Måtte hente vatn i Israel

Mykje var øydelagt då dei første kontingentane kom til Libanon i 1978. I starten budde soldatane i telt og utbomba hus.

Magne fortel at vatnet var ureina av daude dyr eller forgifta på anna måte, og dei måtte hente vatn i Israel. Dit var det tre timar å køyre kvar veg. Ofte var vegane stengde på grunn av kamphandlingar eller andre utrygge forhold, og då måtte dei prøve å klare seg med det som dei hadde til det var mogleg å hente neste forsyning.

Etter kvart fekk dei overta sivile hus, og bygningar og infrastruktur vart gradvis bygt opp att.

– Å leve slik krev litt tilvenning. Etter ei stund går det bra, men det var ikkje alle som tolte det, det var ein del personar, særleg i starten, som ikkje skulle ha vore der, seier Magne. For somme vart det i tøffaste laget.

Magne fortel at då han hadde vore i Libanon i nokre månader, høyrde han ei natt nokon som låg og gråt så sårt. Det var ein yrkesmilitær som før dei reiste var den som var tøffast i kjeften. Han måtte reise først heim.

På førehand fekk dei sjå heftige videoar med masse blod og folk som hadde fått sprengt av seg kroppsdelar, for at dei skulle vere førebudde på det som venta dei. Men det dei ikkje var førebudde på var varmen, miljøet og lukta.

– Det slår deg rett og slett ned, poengterer Per Ove.

Du bør ikkje vere var for høge lydar og skvetten for smell om du skal vere med på slike oppdrag. Jan-Erik minnast det som vart kalla Beirutekspressen. Det var eit fæla smell når israelske kampfly gjekk gjennom lydmuren på grensa.

Kan få reaksjonar i ettertid

Ikkje alle veteranar har klart overgangen tilbake til det sivile livet.

– Der var ikkje eit apparat som tok imot dei som trong det. Det er ikkje alltid at trauma blir utløyst der og då. Hjelpa etter at ein har vore der nede har vore mangelfull, seier Kjell.

– Du kjem frå tøffe, skarpe situasjonar. Går frå å vere ein tungt væpna soldat. Blir kledd av. Blir sivilist. Når du høyrer smell, kan du få reaksjonar, forklarer Magne.

Før dei reiste måtte dei gjennom både fysiske og psykiske testar. Dei var godt fysisk rusta, men i mindre grad førebudde på kva som venta av psykiske påkjenningar.

Først vart det brukt metall, så gjekk dei over til plast og glas. Då var det ikkje hjelp i å bruke metalldetektorar.

– Krig er grotesk. Det er ikkje kjekt å sjå nokon som er sprengt i fillebitar av ei vegbombe, fastslår Per Ove, som sjølv dreiv mykje med mineklarering då ha tenestegjorde i Libanon.

Der var mykje miner, og områda måtte klarerast før ein gjekk inn for å rydde eller hente ut folk.

Viktig med debrifing

Veteranane snakkar om viktigheita av å snakke seg reine, etter at ein har opplevd sterke påkjenningar.

– Det handlar om å gå grundig igjennom hendinga og snakke ut om kjensler. Blir ting liggande og surre i hovudet ditt, kan det ta overhand, forklarer Jan-Erik.

– Debrifing er svært viktig. Ein går igjennom hendinga som nettopp har skjedd med ein gong og sorterer ut både det som er positivt og det som er negativt. Å setje ord på ting kan vere med på å unngå at ein får psykiske vanskar etter traumatiske opplevingar, forklarer Kjell.

– Å kome heim å bli overlaten til seg sjølv. Har du ingen å prate med, dei som ikkje sjølv har vore der, forstår ikkje kva du snakkar om, du blir sett rart på, påpeikar Per Ove.

– Eg var utruleg heldig. Eg hadde ein far som var jævlig god å snakke med, seier Jan-Erik. I sanitetstroppen hadde dei gjennomgang etter hendingar der dei gjekk igjennom kva som hadde skjedd og kva dei eventuelt kunne forbetre til neste gong.

Libanesisk rulett

Magne fortel om ein kvardag i nærkontakt med slangar og skorpionar. Ein giftig slange kom krypande ut der han nyleg hadde stått og dusja.

Libanesisk rulett, det var å ta på seg sko, skjorte og bukser utan først å riste dei. Det var ikkje uvanleg at der kunne vere gøymd ein svart skorpion.

Magne samla slangar og skorpionar som han hadde på sprit og tok med seg heim. Han gav samlinga vekk til Eid vidaregåande skule til bruk i undervisninga. På skulen var det ein gong innbrot, og kva var vel stole? Eit skjelett og Magne Endal sin djevelskap på glas.

Rapsolje i sola

På fritida kunne dei kople litt av. Når det var siesta, hadde dei lov til å gå ut på taket for å sole seg.

– Vi brukte rapsolje i sola, ler Kjell.

Om helgane kunne dei søkje om permisjon og til dømes dra ned til Tel Aviv for å bade.

Presteturane som velferden arrangerte, var også populære som avveksling til soldatlivet. Det var ei helg med vandring der dei besøkte Betlehem, Jerusalem med klagemuren, Golgata og andre kjende stadar frå bibelhistoria.

Eventyrlyst og idealisme

– Kvifor dei reiste de til Libanon?

– Litt eventyrlyst, seier Jan-Erik.

– Vi trudde vi kunne gjere noko for det internasjonale samfunnet, seier Magne.

– Ei god blanding av eventyrlyst og idealisme, oppsummerer dei fire.

Sjølv om det til tider var ganske tøft, så angrar dei ikkje på erfaringane dei har fått med seg.

– Men kva lærdom sit de att med etter å ha delteke i slike oppdrag?

– Du lærer å jobbe saman i eit team og at livet er utruleg skjørt. Du dreg med deg mange erfaringar som du har nytte av seinare, ikkje minst at du beheld roa når noko opprørande skjer, til dømes i samband med ulukker og dødsfall, seier Jan-Erik.

– Libanonopphaldet har heilt sikkert, på ein eller annan måte prega livet i ettertid. Det er ein del ting som sit att. Mellom anna det å behalde roa og tenke klart, seier Kjell, som var 26 år då han deltok i Norbatt. Han hadde då vore 4–5 år på Svalbard og var klar for nye opplevingar. Han var eventyrlysten og hadde eit ønske om å bidra og å meistre nye utfordringar.

– Det var ei tid eg ikkje ville ha vore forutan. Mellom anna lærer du deg sjølv godt å kjenne, seier han.

– Du får ei erfaring som du ikkje får ein annan plass; på godt og vondt. Du tek det med deg vidare og lærer av det du har opplevd, seier Magne. Han har i ettertid vore lærar og har råda elevane sine til å ta seg ein tur til utlandet for å oppleve andre kulturar og levekår, for så å kome styrka heim.

Brå og brutal overgang

Veteranar har opplevd mangel på anerkjenning for innsatsen som problematisk. Du treng aksept og å bli forstått. Det er ein overgang som er brå og brutal, og enkelte har ikkje klart å finne seg til rette.

21 soldatar mista livet i løpet av 20 år i Libanon. Fleire har teke sitt eige liv etter at dei har kome heim.

Per Ove Sørland og Ove Haugen var to av dei mange veteranane som deltok i den store markeringa i Oslo nyleg. Der var det mykje folk oppmøtt for å heidre dei.

– Vi opplevde at Forsvaret har gitt oss anerkjenning og at vanlege folk sette pris på vår innsats, seier Per Ove.

Magne meiner at Forsvaret har lært av sine feil.

På Nordfjordeid var det nyleg felles Nordfjordmarkering på veterandagen, som er lagt til 8. mai, frigjeringsdagen. Poenget med veterandagen er å heidre deltakarane frå andre verdskrig, dei som har tenestegjort i FNs fredsbevarande styrker og andre internasjonale operasjonar.

Møtte opp og tok farvel

Dei fire Libanonveteranane er ikkje i tvil om at Norge sitt bidrag var positivt. Dei opplever sjølve at dei var med på å stabilisere situasjonen, og viser også til at Libanon i dag er den einaste plassen i Midt-Austen der det er nokonlunde fredeleg. Sivilbefolkninga sette pris på at det stod fredsbevarande styrker i landet. Jan-Erik peikar på at Saniteten var til betydeleg hjelp også for dei sivile i området. Det var også slik at dei lokale levde godt på FN-soldatane, som handla både det eine og det andre. Per Ove, som var med i den siste kontingenten, fortel at libanesarane møtte opp og tok farvel. Ingen av dei fire har vore der sidan.

- Viktig innsats

Forsvaret skriv sjølv på sine nettsider at trass i at UNIFIL i utgangspunktet var meint å vere ein fredsbevarande operasjon, skulle det tidvis dreie seg meir om å forsøke å halde stridande partar frå kvarandre i eit område prega av ufred. Operasjonen vart noko heilt anna enn kva mange hadde sett føre seg, og verkelegheita vart langt meir komplisert og krevjande enn venta. Det som eigentleg var tenkt som ei relativt kortvarig inngriping, enda med å bli eit permanent militært bidrag som strekte seg over fleire tiår. Veteranane frå tenesta i Libanon gjorde ein viktig innsats for FN, Norge og Libanon – i ein operasjon som var meir krevjande enn dei fleste her heime fekk med seg.

HER HAR KULENE TREFT: Jan-Erik Hellebust viser kvar kulene har treft på ein murvegg i Libanon. Foto: Privat
PÅ PLASS I LIBANON I ANDRE KONTINGENT: Roar Bjørkedal, Magne Endal og Jan-Erik Hellebust melde seg tidleg til teneste og var med i andre kontingent som reiste nedover i september 1978. Magne og Jan-Erik var 29 og 20 år gamle den gongen. Foto: Privat
LITT FRITID: Det var lov å slappe litt av i sola innimellom. Dette var ein søndag ettermiddag. Dei hadde alltid våpen i nærleiken, sjølv når dei tok seg ein øl på fritida. Foto: Privat
HELIKOPTERSTYRT: Det norske helikopteret styrta om natta på veg for hente såra soldatar som hadde vore i kamp med PLO, det trefte i ei høgspentlinje og fire nordmenn omkom, to av dei var pilotar, ein var lege og ein var sjukepleiar. Magne Endal kjende dei fire og er her på staden for å sjå på vraket eit par dagar etter at ulukka hadde skjedd. Foto: Privat
FN-EMBLEM: Den blå bereten med FN-emblemet er kjennemerket for alle dei som var i UNIFIL. Frå venstre: Kjell Sørland, Magne Endal, Per Ove Sørland og Jan-Erik Hellebust. Foto: Anna Wuttudal