Alexander Pavelich til stjernekamp

Alexander Pavelich er ein av ti som til hausten skal vere deltakar på NRK Stjernekamp.

Til hausten skal Alexander Pavelich frå Nordfjordeid konkurrere i Stjernekamp på NRK.   Foto: Arkiv

Nyhende

Han skal mellom anna konkurrere mot Heine Totland, Maria Arredondo og Hilde Louise Asbjørnsen.

Det var i dag at NRK sleppte nyhende om kven som skal vere med på Stjernekamp 2018.

Om Alexander Pavelich skriv NRK at 29-åringen frå Nordfjordeid var ekspert i sjangeren elektronisk dansemusikk i fjorårets sesong av Stjernekamp.

Og at han har erfaring både som låtskrivar og utøvar, samt skrive musikk for stjerneartistar som Nick Jonas og Julie Bergan. I tillegg har Alexander hatt samarbeid med fleire internasjonale artistar, melder NRK.