– Her går det fort i svingane, smiler Henden og Mariann Bergset Kongsvoll.

Nyleg skreiv Fjordabladet om den tunge avgjerda Mariann har tatt om å avvikle butikken Bergset Mote.

– Då eg høyrde det syntest eg det var forferdeleg trist, og tenkte det var synd at butikken skulle gå tapt, fortel Ingvill Henden, og ein idé vart sådd.

– Kjempeflott

Ho opna Vestitur lenger nord i Eidsgata i fjor. No tar ho butikken sin med seg, overtar Bergset Mote, men skal drive den nye samanslåtte butikken som Vestitur AS.

– Dette er kjempeflott, og eg gleder meg over at lokala her ikkje vil stå tomme. I dag er det ikkje så mange lokaleigde klesbutikkar igjen, men eg orka ikkje prosessen å finne nokon som ville drive butikken. No avviklar eg firmaet mitt, og Ingvill overtar lokalet og driv vidare som Vestitur, fortel Mariann.

Opnar nettbutikk

– Alt innhaldet og klesmerka i Bergset-butikken blir med i nye Vestitur, i tillegg til at eg held fram med for eksempel Blæst og Koko. Når det gjeld arbeidskle så vil eg halde alle avtalar, men det kjem ikkje til å vere utstilling av arbeidskle i butikken, fortel Ingvill.

Ho begynner også med nettbutikk slik som Bergset Mote.

– Det blir på ein måte ny start av Bergset Mote, men under anna namn og eigar, seier Ingvill. Ho gleder seg til å overta.

– Eg overtar ein butikk som er innarbeidd, og som folk er vand å gå til, fortel gründeren. Bergset har drive i snart 94 år.

– Det er store sko å følgje. Mariann har ein solid kunnskap i faget, og der blir eg skikkeleg blondine, smiler Ingvill, som framover skal gå i lære hos Mariann. Ho har lyst å gi kundane det dei har fått i butikken før.

– Samtidig som ein må utvikle seg heile tida med tanke på trendar, seier ho. Nyleg vart ho også valt som ny leiar for Nordfjordeid senter.

Blir sett pris på

Mariann sjølv har registrert alle meldingane på Fjordabladet si facebookside, der folk uttrykkjer stor sympati med at ho no vel å avvikle.

– Eg er glad for at alle forstår at eg har lyst å gjere noko anna. Og så ser eg på meldingane at det har vorte sett pris på det eg har gjort, og eg får ei stadfesting og betalt for alle åra her, seier ho. Ho er opptatt av at spesielt eidarane må bli flinkare til å bruke butikkane i Eidsgata.

– Lokalsamfunnet er ansvarleg for kva handel ein vil ha her i framtida, og ein må ikkje velje vekk butikkane i gata. Der må dei kjenne sitt ansvar bevisst, for kva er vel Eid utan ei levande Eidsgate, seier ho.

Laurdag 28. juli inviterer dei til heidundrande gatefest for å markere butikkendringa for Bergset Mote og Vestitur.

Det er 94 år gammal butikkdrift som Ingvill Henden (t.h). no overtar etter Mariann Bergset Kongsvoll. – Det er store sko å fylle, seier Ingvill. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes