–Meininga er at alle medlemmane skal kome hit med syklane sine hit i dag. Vi har nemleg fått besøk av sykkelreparatør Odd Eivind Håvik som skal lære oss litt om korleis vi held syklane i god stand. Etter at han har hjelpt oss med den, blir det sykkeltur i til Orheimtunet. På turen er det lagt inn sykkelrebus, der alle mogelege spørsmål skal svarast på, sa Anette Nedreberg, leiar i Freidig 4H på Stårheim, og dei andre frå styret i 4H-klubben som var møtt opp ved Stårheim skule for å lære om sykkelvedlikehald, og ikkje minst vere med på turen i etterkant.

Over 20 medlemmar

Freidig 4H har i overkant av 20 medlemmar. Seks av dei utgjer styret i klubben. Spørsmålet vårt var kva anna av aktivitetar det er Freidig 4H har på planen utover sommaren og hausten.

–I år har vi ei oppgåve som alle medlemmane skal ha som prosjekt. Det er at vi skal lage ein naturmøteplass. Naturmøteplassen skal ha ein gapahuk, som vi medlemmane skal lage, kunne styret i klubben fortelje.

Første gong

–Dette er første gongen vi har eit opplegg som dette. Det kan vere greitt å lære litt om korleis vi skal stelle syklane våre, sa

Anette Nedreberg som saman med dei andre medlemmane fekk lære at det er viktig korleis ein oppbevarer sykkelen om vinteren. At den må stå tørt slik at den ikkje rustar. At det er viktig å smørje alle delar som går rundt, og ikkje minst passe på det aller viktigaste, bremsene.

–Difor er det viktig at ein også smør strømpene som vaierane ligg i. Dersom ikkje dei blir stelte og smurde, er det ikkje sikkert du greier å bremse og skifte gir, var nokre av dei gode råda Odd Eivind Håvik hadde til 4H’arane i Freidig 4H.

Følgde nøye med: Medlemmane i Freidig 4H følgde nøye med då Odd Eivind Håvik frå Oddens sykkelrep forklarte kva som må til for å halde sykkelen i god stand. Foto: Tormod Flatebø
Styret: Styret i Freidig 4H. Frå venstre: Steinar Hunvik, Lina Remmedale, Anette Nedreberg, Simon Starheimsvik og Karoline Stokke. Ikkje til stades Hedda Holmøyvik Starheim. Foto: Tormod Flatebø
betre bremser: Sara Josefine Seljeseth var godt fornøgd med sykkelen etter at den var smurt og stelt med. – Mykje betre bremser etter at sykkelen vart stelt litt med, sa Sara. Foto: Tormod Flatebø