Det er store materielle skader på hotellet etter brannen i 2016. Berre sjølve oppryddingsarbeidet er berekna til å koste rundt fire millionar kroner. No er ei lokal investorgruppe i forhandlingar med grunneigaren av tomta, Opplysningsvesenets fond (OVF).

– Lokale investorar er i ferd med å stifte eit selskap, for å kunne ta over festeretten til tomta, seier bustyrar Thore Heggen til Fjordabladet.

– Er det snakk om lokale investorar frå Selje?

– Det er aktørar frå Nordfjord, ikkje berre frå Selje, seier Heggen.

Før sommarferien

Han fortel at dei lokale investorane er i forhandlingar med OVF.

– Eg forstår det slik at dei reknar med å kome til einigheit. Håpet er at overdraginga av festeretten kan bli gjennomført før sommarferien. Deretter kan sjølve tomta løysast inn, seier Heggen, som legg til grunn at framtidig bruk vil vere hotellverksemd innanfor gjeldande offentlege planar for området.

Brannen

Det var natt til 25. november 2016 at det særeigne hotellet i Selje vart totalskadd i brann. Brannen vart oppdaga på natta av ein nabo, som varsla alarmsentralen. Brannvesen frå Selje, Vågsøy og Vanylven hadde ikkje sjanse til å redde hotellet, men hindra brannen frå å spreie seg til andre bygg.

Etter kort tids etterforsking kom politiet fram til at brannen måtte vere påsett.

Få dagar etter brannen vart dei tre eigarane arresterte i samband med brannen. Dei vart varetektsfengsla og sikta for grovt bedrageri, eller medverknad til det.

Stor gjeld

Kort tid etter at dei tre eigarane vart arresterte, kom det fram at hotellet var fullforsikra, men hadde 16 millionar kroner i gjeld.

I byrjinga av januar 2017 vart det kjent at varslingsanlegget var av og at branndørene sto på vidt gap under brannen.

På slutten av februar 2017 tilsto hotelldirektøren i avhøyr at han køyrde eins ærend frå Stockholm, der han eigentleg var busett, for å sette fyr på hotellet.

Hotelldirektøren vart dømt til fem år og seks månader i fengsel for å ha starta brannen på Selje Hotel. Dei to andre tiltalte vart ikkje dømt for brannstifting.