Det var litt før klokka 20.20 måndag kveld at politiet melde om brann på Halsteinslid på Haugen i Eid kommune.

Det var eit stabbur frå slutten av 1800-talet som stod i full fyr. Like ved stabburet står eit bustadhus, der ein barnefamilie bur.

Alle som var heime kom seg ut av huset, og kom seg i sikkerheit. Naboar kom raskt til for å hjelpe.

Nabohjelp

– Det var skremmande kor fort det vart overtent, seier Sindre Lillebø, som såg røyken heimanfrå, og kasta seg i bilen for å hjelpe.

– Då vi kom fram brann det skikkeleg, og vi brukte bøtter til å hente vatn frå ein gammal brønn rett på oppsida av stabburet. Vatnet kasta vi oppover veggane på huset, slik at det ikkje skulle ta fyr, seier næraste nabo Geir Holmen.

Ros

Også Torstein Balsnes, Kjell Balsnes, Runar Haugland, Inge Balsnes og Robert Engeland kom raskt til for å hjelpe.

– Sjølvsagt måtte vi hjelpe, seier dei. Samtidig er dei smålåtne over rosen frå politiet. Dei meiner brannvesenet gjorde jobben med å sløkkje brannen og redde bustadhuset.

– Det er no litt slik at ein ikkje heilt veit om ein skal dra bortom, eller om ein berre vert springande i vegen, seier dei. Karane er likevel glade for å ha vore til hjelp, og at alt gjekk bra med dei som bur i huset på Halsteinslid.

Utbrent

Stabburet vart utbrent, og brannmannskapa jobba med å sikre at brannen ikkje spreidde seg.

Politiet rosar alle naboane som kom til.

– Dei gjorde ein god innsats for å berge huset til barnefamilien, før brannmannskapet og politi kom til staden. Det kunne fort gått gale, men her har naboane verkeleg jobba, rosar innsatsleiar Trosdahl.

Kvifor stabburet begynte å brenne er framleis usikkert.

– Det har vi førebels ingen formeining om, men dette blir undersøkt, fortel han.

Brann: Lasse Trosdahl, innsatsleiar i politiet, rosar naboane som kom til under brannen av stabburet. – det gjorde ein kjempeinnsats, og redda huset, seier han. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Gammalt: Det gamle stabburet frå seint på 1800-talet vart totalskadd under brannen. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes