Det er andre gongen Stårheim songlag arrangerer songarstemne i nyare tid, sist var i 2009. Dei fjorten deltakande kora kjem frå Sogn og Fjordane og Sunnmøre. Det er seks mannskor, seks blandakor og to damekor. Hovuarena er Operahuset Nordfjord. I tillegg blir det songartog på laurdag, konsert i Eid kyrkje søndag, og festmiddag med dans i Valhall laurdag kveld.

Ein perfekt stad

– Vi er heldige her på Eid som har Operahuset når vi skal skipe til litt større arrangement. Det gjer denne oppgåva lettare, seier Svein Nesbakk som er leiar i Stårheim songlag, og dermed også leiar for songarstemnet. Han har med seg 35 songarar i songlaget for å ro det heile i hamn.

– Det mykje arbeid som ligg bak. Vi har vel halde på med planlegging og førebuing sidan før jul. Men dugnadsånda har vore god, og vi er godt i rute til å ta imot alle songarane, seier Nesbakk.

300 songarar i tog

Laurdag føremiddag blir det feststemning i Eid sentrum. Då vil alle dei fjorten songlaga gå i tog under kvar si fane. Toget skal starte gjennom Skulevegen til Hogatunet der det blir felles song. Så går turen vidare til Allmenningen og gjennom Eidsgata. Etter toget blir det opning av sjølve stemnet i Operahuset Nordfjord. På ettermiddagen laurdag blir det profankonsert i  Operahuset Nordfjord. Og om kvelden er det tid for festmiddag, program og dans i Valhall.

Felles song

Søndag er det tid for kyrkjekonsert i Eid kyrkje, der det blir to felles songnummer med 298 songarar. Og sjølvsagt songinnslag frå dei einskilde kora.

Deltakande kor er:

Damekor: D-kor, Eid, Rygg songlag, Rygg i Gloppen

Blandakor: Norum songlag, Sogndal, Øvre Årdal blandakor, Øvre Årdal, Fjordklang blandakor, Hyllestad, Måløy songlag, Vågsøy, Cantando, blandakor, Vartdalstranda, Stårheim songlag, Stårheim/Eid

Mannskor: Farnes mannskor, ØvreÅrdal,Leikanger mannskor, Leikanger, Brekke mannskor, Brekke i Gulen, Vyrde mannskor, Gursken i Sande, Sunnmøre,Austreim mannskor,Sandane,Eid mannskor, Eid