Fjordabladet har fått mange henvendingar etter at vi hadde sak om bekymra foreldra som fryktar store klassar med 30 elevar når nye åttandeklassingar tar til ved Eid ungdomsskule i august. Mange foreldre ved Nordfjordeid skule viser til at det ikkje står betre til ved sentrumsskulen.

– Det kan ikkje vere slik at dei som skrik høgast får. Her er mange om beinet, seier FAU-leiar Haaland.

Enorm elevauke

– Eid Inviterer, heiter det så fint, men til kva? På sentrums-skulen har det vore enorm elevauke, og det kjem stadig nye til. Klasseromma og garderobetilhøva er ikkje berekna for så mange elevar i kvar klasse. Eg snakka med ei mor som sa at då ho sjølv gjekk på skulen var dei 16 elevar – i same klasserom som det er i dag er 27 elevar, påpeikar Haaland. Garderobetilhøva for dei som i dag går i 3. klasse vert av fleire karakterisert som hårreisande.

Kaos

Det er eit fullstendig kaos når 55 tredjeklassingar er i garderoben samtidig.

– Ikkje alle har eigne krokar til å henge kleda sine. Både spikrar på veggane og vinduskarmar vert nytta som garderobeplass. Klasseromma er heller ikkje berekna for så store klasser når det gjeld lyddemping, isolasjon og ventilasjon, seier Haaland.

I dag er det 55 tredjeklassingar ved Nordfjordeid skule. Til samanlikning er det 65 elevar på heile Stårheim skule.

FAU-leiaren viser til at det er snakk om arbeidsmiljøet til elevar og lærarar.

– No må ein sjå på strukturen i klasseromma, meiner ho.

Ber om eit løft

– No må det skje eit løft på sentrumsskulen, ber FAU-leiaren. Heller ikkje uteområdet er noko å rope hurra for. Dette har stadig vore eit tilbakevendande tema over fleire år – utan at noko har blitt gjort.

– Det er ikkje berre å bygge ut og invitere til sentrum, når skulen er slik den er, påpeikar Haaland.

Ho viser til at det kanskje ikkje er dei som skrik høgast som treng ekstra ressursar.

– Tidleg innsats må styrkast i barnehage og 1.–3. klasse. Grunnlaget blir lagt for mange ungar i alle barnehagane og dei første skuleåra, seier ho. FAU-leiaren viser til at godt arbeidsmiljø gir god trivsel og næring, som igjen gir god psykisk helse.

Fleire utfordringar

Utfordringa med stadig nye elevar som kjem flyttande er klasseromma. Dei er fysisk same storleik som dei alltid har vore, medan elevtalet stadig aukar.

– Det er ikkje meining i at elevane ved sentrumsskulen skal sitte som sild i tønne, påpeikar ho.

FAU-leiaren viser til at skulen oppnår gode resultat sjølv om dei fysiske forholda ikkje er bra nok.

– Vi er takknemlege for lærarane som gjer ein fantastisk jobb, påpeikar ho. Haaland synest også det er positivt at dei yngste klassetrinna no får to kontaktlærarar i kvar klasse.

Ho viser også til at mange elevar treng tid på grupperom.

– Her er ein del svake elevar som hadde trengt betre forhold, seier ho.

Fryktar skulekutt

– Eg trur ikkje politikarane heilt veit korleis det ser ut. Og kva skjer når det blir Stad 2020?, spør Haaland, som fryktar skulekutt i den nye storkommunen.

– Med den økonomien som er, så kan eg ikkje tenkje meg at det innanfor 40 minutt køyretid får vere fire skular også i framtida. Det skal godt gjerast, seier ho.

FAU-leiar May Brith Haaland ved Nordfjordeid skule er bekymra over det store presset på sentrumsskulen. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes