Etter ønskje frå avdøde Sigmund Naustdal kjem Fjordabladet til å ha på trykk serien Gamle og nye Nordfjord som han hadde laga.

Kronprinsparet kom

I Fjordabladet frå 1933 kan ein lese om då kronprins Olav og prinsesse Martha viltja Nordfjordeid i pinsa i 1933.

I år er det 85 år sidan dette kongelege besøket på Nordfjordeid.

Pinseaftan 2. juni 1933 køyrde Kronprinsparet med følgje frå Volda gjennom Stigedalen og kom til Nordfjordeid klokka 24.00. Dei overnatta på Yris Hotel, og tidleg neste morgon inspiserte kronprinsen med følgje Plassen, landets eldste eksersisplass frå 1682.

Stor folkemengd møtte fram

Det vidare program var defilering gjennom Eidsgata i strålande ver, og som vi ser på bildet ved sidan av her møtte ei stor folkemengd fram for å hylle kronprinsparet.

Det neste på programmet var frukost hos premierløytnant Knut Moen. Han var klassekamerat til kronprins Olav frå Krigsskulen i 1924.

Hornmusikken spelte under frukosten, der også «prominente» personar frå kommunen og det offentlege var invitert. Kronprinsen heldt ein fin tale som han retta til verten.

Ny tid

Kronprinsparet fekk servert frukost i Moenhuset, som ligg ved Eidsgata, og var eit staseleg bygg då det vart bygd i 1908.

Ivar K. Moen starta i 1890 i leigde lokale med landhandel på Nordfjordeid. I 1908 bygde han ein staseleg forretningsgard i nordre Eidsgata. På 1950-talet overtok sonen Knut og kona Margit drifta, og i 1975 tok deira son Ivar Moen over. I 1987 bygde han og broren Bjørn den nye «Moengården», som med 3000 kvadratmeter hyste 11 forretningar og fire verksemder med kontor i bygget.

Fasaden på bygget frå 1908 er tatt godt vare på mot Eidsgata. I 2005 opna Moen nytt handelssenter på ei fylling mot fjorden like vest for den andre bygningen. Det nye senteret er på 5000 kvadratmeter og inneheld 20 butikkar.

Det var stor deltaking ved defileringa gjennom Nordfjordeid sentrum.
Nærmast bak kronprinsparet går premierløytnant Knut Moen og hans kone Margit.
Her blei frukosten servert. Moenhuset ligg ved Eidsgata og er ein integrert del av Moengården aust. Fasaden på dette huset er lite endra sidan det blei bygt i 1908.
Kronprinsparet overnatta i Yris hotell.