–Dette er eit stort prosjekt som det har vore jobba med i sidan 1994, og som no endeleg er ein realitet, sa Ketil Nord, ingeniør i avdelinga for Teknisk drift, før kranane til abonnentane vart opna.

79 millionar kroner

Totalt har anlegget, som no vert sett i drift, kosta 79 millionar kroner, av dette har 15 millionar kroner gått til avløp. Blant anna er Mogrenda kloakkreinseanlegg blitt lagt ned og all kloakk går no i røyr til reinseanlegget ved småbåthamna på Mehl.

For å realisere den nye drikkevasskjelda har samarbeidet med Statens vegvesen, som bygde ny gang- og sykkelveg frå Nordfjordeid til Nor, vore sentralt. Kor mykje dette samarbeidet har betydd for dei samla anleggskostnadene vil ikkje kommuneleiinga talfeste. Men at det er betydeleg innsparingar legg ein ikkje skjul på.

Nyttig samarbeid

–Det er ikkje mogeleg å sette nokon prislapp på dette samarbeidet, seier kommunesjef Elin Leikanger som legg til at planane Eid kommune hadde for at Hornindalsvatnet skulle bli drikkevasskjelde for Nordfjordeid, truleg var med å sette trykk på realiseringa av den nemnde gang- og sykkelvegen.

–Dersom Eid kommune hadde starta opp med å legge ned naudsynt infrastrukturen for vassforsyning, avløp og fiber ville det skapt store utfordringar for Statens vegvesen om dei skulle ha starta med bygging av gang- og sykkelveg i etterkant av at kommunen hadde lagt ned infrastrukturen.

Klorfritt

Drikkevatnet som innbyggarane no får i springen er henta frå 40 meters djupn. Vatnet har ein pH-verdi som ligg stabilt på 6,4.

–Får å få ein optimal pH-verdi på vatnet på 7,5 tilset vi vannglas, som er langt meir skånsamt enn lut, som vart brukt tidlegare. Elles er ein av dei store skilnaden frå den tidlegare drikkevasskjelda, Fossevatnet, og vatn frå Hornindalsvatnet er at drikkevatnet no er klorfritt, seier Ketil Nord.

God kvalitet

På spørsmål om det er noko som kan påverke kvaliteten på vatnet, er svaret negativt.

–På den djupna som vatnet blir henta frå er det ingen forureining. Er det forureining så er det i stor grad snakk om ureining på overflata, seier prosjektleiar Einar Hessevik, som legg til at det i løpet av eitt år vart teke jamleg tatt prøver av drikkevatnet på ulike djupn utan at det kom fram saker som måtte handterast.

35 liter i sekundet

Kapasiteten på det nye vassverket er 35 liter i sekundet. Kor mykje vatn som til ei kvar tid går til dei ulike målestasjonane kan lesast av på kontrollskjermar i nybygget. I tillegg til nybygget ved Hornindalsvatnet, er det bygd to nye høgdebasseng. Eit i Leivdal, som forsyner Hjelle og Mogrenda, og eitt i Hogaåsen. I tillegg vil høgdebassenget på Vårsetra framleis vere i drift. Fossevatnet, vil vere reservevasskjelde om noko skulle inntreffe.

Moderne anlegg

Stårheim Bygg AS har hatt hovudentreprisen, og stått for sjølve bygningsmassen. Caverion har levert det elektriske anlegget. Normatic har stått bak alt som har med automasjon, medan Østfold-firmaet Aquva har stått for levering av pumper og anna infrastruktur.

–Det er eit moderne anlegg som no vert sett i drift. Med ei drikkevasskjelde, der vatnet har så høg kvalitet, slepp vi unna ein del utfordringar som vi ser andre stader. Det vil vere fire driftsoperatørar som har ansvar for sjølve overvakinga av anlegget. Overvakinga av anlegget føregår ved at skulle det skje noko, så vil driftsoperatørane få melding på mobiltelefon. Ein slepp med andre ord å vere på anlegget heile tida, seier Ketil Nord som legg til at dersom det skulle bli straumbrot, så har anlegget ein naudgenerator som blir sett i drift automatisk.

Ingen grunn til uro

–I innkøyringsfasen kan det hende at abonnentane kan oppleve at vatnet som kjem ut av springen er kvitt. Det kjem av at det kan vere luft i vatnet. Det har ingen ting å seie for kvaliteten, så det ingen grunn til uro, seier Ketil Nord.

Den høgtidlege offisielle opninga av anlegget vil finne stad i juni, i samband med det siste kommunestyremøtet før sommaren, opplyser Eid-ordførar Alfred Bjørlo som fekk æra av å både opne kranane, og servere dei som hadde møtt fram den 16. mai vatn frå det nye anlegget.

Opna: Prosjektleiar Einar Hessevik, Ove Kjøllesdal og Alfred Bjørlo opnar opp den store ventilen. Foto: Tormod Flatebø
Operatørane: Svein Rune Aaland, Erhard Martin og Thomas Bjørhovde Strand er saman med Per Bøen (ikkje til stades) driftsoperatørar på Eid sitt nye vassverk. Foto: Tormod Flatebø
Naudstraum: Ketil Nord, ingeniør i teknisk drift treng ikkje vere uroleg om straumen går. Denne naudgeneratoren startar automatisk opp om det skulle bli straumbrot. Foto: Tormod Flatebø