– Ja, svarar ein optimistisk Selje-ordførar Stein Robert Osdal på spørsmålet om han trur Nordfjordbrua er på plass i 2030. Han legg vekt på at brua vil kople Selje nærare til Førde, og at Gloppen blir kopla nærare nordsida av Nordfjorden.

Osdal har stor tru på Nordfjordbrua og det potensialet som ligg der. Han samanliknar med Eiksundsambandet, der trafikken vart mykje høgare enn venta. Saman med realiseringa av Rovdefjordsambandet, blir det spennande mogelegheiter også nordover.

Også Svein Sunde svara ja på spørsmål frå Fjordabladet om han trur Nordfjordbrua er ein realitet i 2030. Det same gjorde Svein Hansen.

– Er ingen omkamp

– Alt tyder på Nordfjordbrua er eit godt prosjekt. Det mest interessante er at dette ikkje er ein omkamp. Vi tek med oss ny E39 i indre Nordfjord. Nordfjordbrua er eit så godt prosjekt at ho vil bere seg sjølv, seier Siri Sandvik (Ap).

– Eg skal klamre meg til livet, så eg får oppleve brua, ler Sp-politikar Åse Liv Lote (75). I 2030 vil ho vere 87 år.

SV har ikkje vore dei ivrigaste når det gjeld bru over Nordfjorden, men også Vigdis Heimdal Reksnes (SV) har no litt lyst på bru.

– Er realistisk

– Eg meiner det er realistisk. Eg trur prosjektet i seg sjølv har blitt så godt at det er umogleg å ikkje realisere det. Eg er omtrent sikker på at brua står der i 2030, seier Sigurd Reksnes (Sp).

Også fylkesordførar Jenny Følling (Sp) trur det er mogeleg å realisere Nordfjordbrua dersom ein jobbar godt. Ho ser føre seg ganske store effektar med eit sterkt midtre Nordfjord når brua er på plass, både når det gjeld etableringar, samhandling og utviding av bu- og arbeidsmarknad.

Ferjeavløysingsmidlar

Fylkesordførararen vart ikkje overraska over dei høge trafikktala som vart presenterte for Nordfjordbrua 2030. Ho viser til Dalsfjordbrua som eksempel, der realiteten no er trafikk som er svært mykje høgare enn mange i utgangspunktet hadde venta.

Følling lovar å jobbe politisk med rammevilkår. Ho fortel at Vestlandsrådet skal ha møte 22. mai, der tema mellom anna er ferjeavløysingsmidlar.

Bru i 2030 som mål

– Vi må jobbe i den retninga og ha det som eit mål. Det er mykje som skal jobbast fram. No har vi tal for trafikk- og finansiering, no må vi jobbe med tekniske løysingar.

– Vi må få fram brukonsept og pris. Det vi veit er at prisen på bruer truleg vil gå ned, og at ferjeprisane truleg vil gå opp, seier Svein-Ottar Sandal, nestleiar i Nordfjordbrua AS.

– Legg stein på stein

– Vi har god tru på prosjektet og legg stein på stein. Vi jobbar for å endre rammevilkåra og vil no sjå på finansiering og konseptval, seier dagleg leiar i Nordfjordbrua AS, Jan Olav Tryggestad.

– Rapporten viser at Nordfjordbrua står godt på eigne bein, den viser at det å bygge brua er å utvikle regionen, poengterer styreleiar i Nordfjordbrua AS, Alfred Bjørlo, men han understrekar samstundes at det å få bygt brua er eit maratonløp.

– Det gjeld å ha stayerevne og ikkje gje opp.

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) trur det er mogeleg å realisere Nordfjordbrua dersom ein jobbar godt. Her saman med Alfred Bjørlo (V).
POSITIVT FOR YTRE: Seljeordførar Stein Robert Osdal trur Nordfjordbrua står klar i 2030 og at den vil vere positiv også for ytre delar av Nordfjord.
VENTAR PÅ BRUA: Godt frammøte på brumøtet tydar på at det er mange som ventar på at Nordfjordbrua skal bli ein realitet. Foto: Anna Wuttudal
Styret: Til stades frå styret i Nordfjordbrua AS var Erling Sande, Kristine Dahl, Alfred Bjørlo, Eid – styreleiar, Svein Ottar Sandal, Gloppen – nestleiar, Olin Johanne Henden og Mats Andersson. Foto: Anna Wuttudal
Foto: STEIN PÅ STEIN: – Vi har god tru på prosjektet og legg stein på stein, seier dagleg leiar i Nordfjordbrua, Jan Olav Tryggestad. T.h. styremedlem Erling Sande.
REALISTISK MÅL: Styreleiar i Nordfjordbrua, Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) meiner det er realistisk at Nordfjordbrua kan stå ferdig i 2030. Frå venstre: Olav Ellevset frå Fosenbruene AS, Sindre Blindheim frå Norconsult, styreleiar i Nordfjordbrua, Alfred Bjørlo og nestleiar i styret, Svein-Ottar Sandal. Foto: Anna Wuttudal
VAR DER: Vegforkjempar Svein Sunde var på møtet og gav overfor Fjordabladet uttrykk for ja til Nordfjordbrua. T.h. Lars Svein Drabløs (Frp).