I midten av april startar ho opp og heldt ope til ut i september, og kundane strøymer til både frå nærområdet og Bremanger, Selje og Vanylven.

Solveig fortel at ho alltid har vore interessert i å halde på med blomster, og fekk det praktisk talt inn med morsmjølka. Mora hadde ein stor staudehage, og selde blomster og bårebukettar. Det gjer Solveig og. Det gjev stor glede, og ho set stor pris på kontakten med kundane. Mange kjem att år etter år for ein god handel og blomsterprat.

Sydde på Frislid

Solveig gjekk realskulen på Nordfjordeid, og starta arbeidslivet med eitt år på Selje Skjortefabrikk. Deretter dreiv ho med forskjellig arbeid, til ho fekk jobb på Frislid på Eid. Etter kvart blei blomsterinteressa næringsveg, og mange kjenner henne frå tida då ho dreiv torghandel i både Måløy og Bremanger. No driv ho ikkje med torghandel lenger, men gamle kundar frå den tida kjem no gjerne til Bryggja.

Favorittplantar

Av vintergrøne plantar er det ulike typar rododendron ho likar best. I sin to mål store eigen hage har ho rundt 60 i alt. Gamaldagse roser tykkjer ho og vel om, og nemner Clair Renaissance og austinrosa Gertrude Jekyll som flotte eksemplar. Av staudar er det storkenebb i alle variantar ho likar best.

I første del av sesongen utgjer sommarblomster ein stor del av omsetninga. Seinare tek andre typar plantar over.

Frukttre og bærbusker

Solveg Haugan sel og ein god del frukttre. Både eple-, pære- og plommetre, men og morelltre.

Ho seier at ho har registrert ei større interesse for både frukttre og bærbuskar dei siste åra. Folk er blitt meir opptekne av å ikkje berre ha det pent rundt husa, men legg og vekt på det matnyttige.

Eksotisk

Ein plante av det meir eksotiske slaget er Kamelia. Den er eit lite tre og har vanlegvis raude blomster. Kamelia er nærast udødleggjort i eit av alle tiders romantiske ikon, romanen «Kameliadamen» av Alexandre Dumas d.y. Den er og filma med Greta Garbo i hovudrolla og har fått sin eigen opera «La Traviata» av Giuseppe Verdi.

«Kameliadame» er forresten blitt brukt om elegante damer med eit heller frynsete rykte.

KAMELIA: Den er eit lite tre som blomstrar rikt vår og sommar. Foto: Per Ole Lefdalsnes
FRUKTTRE OG BÆRBUSKAR: Aukande interesse for det matnyttige. Foto: Per Ole Lefdalsnes
STORT UTVAL AV STAUDAR: Her er fleire titals sortar. Foto: Per Ole Lefdalsnes