«Kjære alle saman - små og store stårheimarar og alle andre: Gratulerer med dagen!

Og tusen takk for invitasjonen til å kome og vere med på å feire 204-årsdagen for grunnlova.

204 år! Det er ein høg alder! Eller er det det? Nei, ikkje for eit land. For eit land er dei 204 åra frå grunnlova på Eidsvoll til den festpynta forsamlinga på Stårheim i dag, berre ein augneblink.

Tenk berre: For 6.000 år sidan - så langt tilbake i tid at vi knapt klarer å førestille oss det - rissa folk inn i fjellet i Vingen litt lenger ute i Nordfjorden over 2.000 figurar av hjortar, slangar, hundar, menneske og andre motiv. I eitt av dei største helleristingsfelta i Europa - eit mysterium den dag i dag.

For 1.600 år sidan vart ein høvding gravlagt på garden Eide i Gloppen, litt lenger inne i fjorden. Rundt halsen hadde han ein gullmynt med stempelet til den romerske keisaren i Konstantinopel, eit glasbeger laga i Syria - og ein mystisk "tankering" av tre - som aldri elles er funnen andre stader enn i Iran og Afghanistan.

For 1.200 år sidan, var garden Myklebust inne på Nordfjordeid ein av dei mektigaste gardane på Vestlandet. Der bygde dei, og sigla ut i verda med skip som var større og mektigare enn vi har klart å forestille oss heilt opp til vår tid. Fyrst no greier vi endeleg å gjenskape Myklebustskipet i all si velmakt - 30 meter langt og med 96 mann bak årene.

Og for 900 år sidan, var det lendmann Arne av Stårheim som styrte Noreg frå bygda vi no er i - som gudfar og næraste rådgjevar til kong Magnus Erlingson, og mann til enkedronning Ingerid. Sonen deira, Niklas Arnesson, vaks opp her på Stårheim, vart biskop og ein av dei mektigaste mennene i landet i si tid. Ingen som ville ha makt i Noreg på 1100-talet, kunne kome rundt Stårheims-ætta.

Alt dette er ein del av vår historie. Av vårt land si historie. Av Nordfjord si historie.

Så 204 år - det er eigentleg ingen alder! Historia om Noreg starta lenge, lenge før Eidsvollsmennene. Dei sto på skuldrane til tallause menn og kvinner som hadde bygd landet fram til då.

Likevel: Året 1814 vil alltid stå som det viktigaste i norsk historie. Fordi vi fekk grunnlova vår. Med grunnlova tok vi styringa over vårt eige land, over vår eiga historie.

Ikkje for å bevare landet slik det var i 1814 - men tvert imot for å kunne endre, for å kunne ha kraft til å utvikle oss vidare.

For er det éin ting vi kan lære av historia, så er det at eit samfunn heile tida er i endring. Heile tida slik at det vi i dag er stolte av og hegnar om - klesskikkar, bygningsskikkar, mattradisjonar eller kommunegrenser - alltid ein gong har vore nytt.

Alltid fortrengt noko gammalt - og i ei brytningstid vore vanskeleg å akseptere. Slik det var då Henrik Wergeland starta feiringa av 17. mai, eller Ivar Aasen ville gje oss nordmenn vårt eige språk. Det var radikalt, det var skummelt og det vekte motstand - før det med tida vart ein del av vår felles historie om land og folk.

Slik er det enno. Skal Stårheim, skal Eid, skal Noreg vere gode stader å bu også i framtida, så må endringane halde fram. Vi må gjere det folk har gjort i 200 år for å bli landet vi er i dag: Sjå framover og bruke krafta som bur i folk til å skape noko nytt og betre.

Når ungdom i dag i hopetal flyttar til dei store byane våre, gjer dei medvitne val om å flytte til stader i stor endring - konstant endring. Dei aller fleste gjer det ikkje av plikt, men av lyst. Fordi det er slik dei likar å leve liva sine.

Å forstå det, og innrette oss som best vi kan, det vedkjem oss i Nordfjord like mykje som Oslo eller Bergen.

Vi ER komne langt på veg. Det å vere ordførar i Eid i 2018, er eit privilegium. Det kan nesten ikkje tenkjast ein kjekkare og meir meiningsfull jobb. I ein kommune i vekst, med nye hus som reiser seg og nye satsingar som tek form, ei kolossal dugnadsånd og tilbod for born og unge som det knapt finst maken til.

Men eg ser også at vi ikkje er i mål. Vi - som alle andre - lever i ei utrygg verd. Ei verd kor fridom, rettferd og respekt for kvarandre ikkje er ei selvfølge.  Kor vi har utilreknelege leiarar av store nasjonar som er meir opptatt av å bygge murar og skape frykt, enn av vår felles framtid.  Ei verd der klimaet er i endring, kor det er meir plast enn fisk i havet om 30 år - om vi ikkje tar tak og oppfører oss forstandig.

Og eg ser at mange også i vårt lokalsamfunn slit "i det stille". Og at det mange slit mest med, er paradoksalt nok fridomen - den vi kjempa for og vann i 1814.

Eg vil våge å påsta at aldri - nokon stad, til noko tid - har valmulegheitane vore så mange - fridomen så stor - som i Noreg i 2018.

Det er fantastisk bra, men det skaper også nye utfordringar.

For valmulegheitene kjem mot oss frå alle kantar. Vi blir bombardert med dei. Frå media, frå skule, frå butikkar, frå sosiale media. Du kan bli kva du vil, få til kva du vil.

Den perfekte fasaden - det perfekte livet - er berre ei Facebook-side unna.

Gløym aldri: Slik er det ikkje! Ingen er perfekt. Ingen får til alt dei prøvar på.

Tru meg: Livet handlar meir om å gå på trynet med jamne mellomrom, enn om alltid å lukkast.  Å leve, det er å feile – og så prøve å lære av feila. Og å stole på at det er heilt greitt at ikkje alt er perfekt heile tida.

Og eg tenkjer at det viktigaste VI kan gjere - i VÅR arv etter eidsvollsmennene for å skape eit endå betre land å bu i i 2018, det er så enkelt som å ta vare på kvarandre. Ikkje alltid stole på at staten, kommunen eller nokon andre skal gjere det - men vere der for kvarandre - ansikt til ansikt, medmenneske til medmenneske. Respektere andre for den dei er.

Ei av dei sterkaste opplevingane eg har hatt på lenge, var å vere med på "Bygdepride" i Volda sist fredag. Det var ei folkeleg mobilisering av dei sjeldne. Tusenvis av menneske av alle slag gjekk i tog, frå heile Nordfjord og Sunnmøre. Unge og gamle, kristenfolk og heidningar, folk frå alle politiske avskugningar frå mørkeblått til blodraudt.

Vi gjekk saman i Bygdepride for å syne at vi respekterer retten til å vere annleis, retten til å elske den du vil og vere den du vil. Og at det må vere like sjølvsagt på bygda som i byen.

Der var ikkje nødvendigvis slik for 50, 20 eller 10 år sidan. Men eg håpar vi er der no.

Og slike opne, inkluderande, liberale og rause bygdesamfunn trur eg er framtida. Fordi dei kombinerer det beste frå byen med dei heilt unike kvalitetane ved bygda.

Nemlig evna til å dra lasset saman. Evna til å sjå kvarandre. Alltid å overlate garden og bygda i litt betre stand for neste generasjon enn kva det var for generasjonen før.

Og ikkje minst er den store dugnadsånda årsaka til at bygdene våre kan vere så gode stader å bu og leve som dei er. Utan dugnad, frivillige lag og lokale felleskap hadde Noreg vore eit fattig samfunn, grunnlov eller ikkje.

Eg har lyst å nytte høvet her i dag til å rette ein stor takk til alle dykk som legg ned utallige timar i dugnadsarbeid og frivillig arbeid året rundt. De er heltar alle saman - og de gjer bygda dykkar til ein god stad å vere for alle.

Og eg veit at det er store planar om å gjere endå meir dugnadsinnsats her på Stårheim i åra som kjem, rundt Stårheim skule og skuleområdet. Viss eg kan vere så upassande som å gje eit politisk løfte frå Eid kommune på nasjonaldagen, så er det at dei planane, dei skal vi heie fram og vere med på å få gjennomført.

Men uansett: Det er ikkje tilfeldig at siste vers av nasjonalsongen vår, "Ja vi elsker" endar opp med å peike på oss sjølve. På at "også vi når det blir krevet" må ta ansvar for å ta vidare det fedrene og mødrene har skapt.

Det ansvaret skal vi ta. Den oppgåva skal vi klare. Ved å sjå framtida lyst i møte. Sjå og gle oss over at verda kan endrast til det betre. Ved å gje kvarandre albogerom og ta vare på kvarandre, alltid ha omsut med dei som slit.

Det er det vi har gjort i Noreg sidan 1814. Det er den evna, den krafta, vi feirar på 17. mai. Og at vi heile tida har hatt med oss ei grunnlov som plattform for å utvikle samfunnet.

Kjære alle saman - ver stolte og glade over landet dykkar. Over historia, notida og framtida. Over staden de bur på. Nyt dagen - feir grunnlova av 1814 - og gi ein ekstra takk til Stårheim skulekorps og Stårheim barnekor som spelar og syng så flott for oss i dag.

Gratulerer med 17. mai!»