Våren er kanskje den aller finaste årstida. Når naturen vaknar til liv etter vinterdvalen, det kjem eit vell av fargar, knoppar brest og elver susar fulle av snøsmeltevatn. Naturen har pynta seg til Nasjonaldagen - med grøne bøar, kvite toppar, helst blå himmel som i dag, og så det fine raude norske flagget. Ein kan bli reint nasjonalromantisk av mindre.

Og så fine de er alle saman! 17. mai er jo ein festdag. Men det er også ein av dei travlaste dagane i året - ikkje berre for korpsmusikantane - men kanskje aller mest for småbarnsforeldra. Det begynner alt fleire veker i førevegen. Har alle det dei treng - skjorter, bukser, bunader, sko? Alt skal vere heilt og reint og nystroke. Alle skal kledast på - og så gjeld det å ikkje skitne seg så altfor mykje ut, i alle fall ikkje FØR barnetoget startar.

For oss vaksne begynner det ofte i slutten av april. Kva skal eg ha på meg? Passar bunaden i år, skal tru? Det blir nokre ekstra trimturar opp skogsvegane siste vekene, og det gjer ofte susen. Så gjekk bunadsbeltet igjen i år også. Så vidt…

Mykje handlar om tradisjonar på denne dagen. Det skal vere slik som det brukar å vere. Heime hos meg prøver vi å ha god felles frukost, vi bakar flagg-blautkake, og vi vil aller helst invitere nokre gjester utpå ettermiddagen. Og så skal sjølvsagt huset vere reint og ryddig, med litt ekstra mai-pynt i stova. Og hagen skal vere strøken.

Men når barnetoget på Eid startar alt klokka ni, rekk vi sjeldan frukost. Det er ikkje ofte det passar med gjester. Og vi er stort sett ute heile dagen, så flagg-blautkaka vert gjerne spist til kvelds, og vi ensar ikkje om det var støvsugd eller ikkje. Eller om plenen var nyslått. Men kjekt det er det…

17. mai er rett og slett landet vårt sin bursdag. I år er det 204 år sidan Norge fekk si første grunnlov. 17. mai i 1814 vart grunnlova underskriven på Eidsvoll  av 112 menn, ingen kvinner. Grunnlova var moderne og framsynt for si tid, med inspirasjon frå blant anna USA si uavhengigheitserklæring og frå den franske revolusjonen. Vi har Europas eldste og verdas nest eldste grunnlov som framleis er i bruk, og den er i dag eit samlande symbol for fridom, sjølvstende og demokrati.

I 2014 fekk vi til og med Grunnlova på nynorsk, det var ei prinsipielt viktig sak for oss nynorskbrukarar.

Dei viktigaste prinsippa i Grunnlova frå 1814 var;

-folkesuverenitet, det vil seie at folket har rett til å styre gjennom folkevalde representantar - rett og slett folkestyre

-maktfordeling mellom lovgivande, dømmande og utøvande makt - altså storting, domstol og regjering

-menneskerettar, med rettssikkerhet, tale- og ytringsfridom, eigedomsrett og vern mot tortur.

Sjølv om grunnlova var starten på det norske demokratiet, var den ikkje demokratisk utifrå kva vi i dag legg i ordet demokratisk. Berre eit fåtal menn fekk stemmerett i 1814, kvinner vart avstengte frå å delta i val.

Mot slutten av 1800-talet auka kampen for allmenn stemmerett. Borgarlege kvinnesakskvinner ville ha likestilling med menn, og arbeidarkvinnene ville ha større innflytelse for heile arbeidarklassa. Som vi veit enda det med allmenn stemmerett ved alle val i 1913.

Det norske folkestyret har med andre ord blitt gradvis utbygd til slik vi kjenner det i dag. Vi har ein over 200 år lang demokratisk prosess, der enkeltmenneske, arbeidarforeiningar, kvinneforeiningar, politiske parti og ulike organisasjonar har stått sentralt. Dette er i høgste grad demokrati.

Førre veke feira vi frigjeringsdagen. Vi markerte at det no er 73 år sidan andre verdskrigen var slutt, og vi fekk fred i Norge. Sidan det har det faktisk alltid vore fred på norsk jord.

Tenk det, kor heldige vi er, kor trygt det er å bu her.

Eg har blitt fortalt at oldefaren min inni Gloppen, på 8. mai i 1945 stod ute på trappa med eit lite flagg, og gret. Det gjorde eit sterkt inntrykk på meg å høyre dette. Eg skal innrømme at eg tidlegare ikkje har vore så oppteken av 8. mai, sjølv om eg sjølvsagt har visst kva det handla om. Men dei siste åra har det blitt annleis. Verda er i endring. Krig og okkupasjon kjem på mange måtar nærmare. Maktbalanse og fredsavtaler vi trudde låg fast, viser seg å ikkje gjere det. Vi har statsleiarar som Putin og Trump, som tidvis kan synes å først og fremst dere impulsive og høge på seg sjølv. Kor trygge kan vi vere på at Putin ikkje vil vise interesse for Norge, med våre rike naturressursar. Og kor trygge kan vi vere på at Trump og USA framleis vil vere ein trygg og viktig NATO-alliert dersom vi skulle trenge det. Eg veit ikkje, men vi kan ikkje ta så mykje for gitt lenger.

Dei aller fleste av oss som lever i dag, har ikkje opplevd krigen, eller var veldig unge under krigen. Det er ikkje mogleg å tenkje seg korleis det må vere å leve under krig. Kanskje er det slik at det først er når ein opplever å ikkje vere fri, at ein verkeleg set pris på fridom.

Dei siste 100 åra har landet vårt vore gjennom ei rivande velstandsutvikling. Før var det nordmenn som risikerte liv og helse for å reise til nye og betre moglegheiter i andre deler av verda. No er det hit til oss det kjem nye landsmenn. Som får nyte godt av vårt demokrati, vår fridom og vår velstand. Og som til gjengjeld bidreg med sine ressursar, og gjer til at landet vårt vert så mangfaldig. Sjølvsagt går vi alle saman i lag i barnetog rundt om i landet på 17. mai, med hurrarop for grunnlova og for dette flotte landet! 17. mai er absolutt ein samlande dag!

Det har i årevis vore eit kjenneteikn ved landet vårt at vi ser Norge i nær samanheng med resten av verda. Vi er godt stilte. Landet vårt er på mange måtar ein politisk og økonomisk overskotsnasjon i ei tid med alt for mykje underskot. Det betyr at vi har eit ansvar for å ta ansvar. Verda opplevde for eit par år sidan den største flyktningkatastrofen i nyare tid. Mange kom også til Norge, og mange har blitt verande. Når slike katastrofar rammar verdssamfunnet, må dei landa som kan gi eit ekstra bidrag, gjere nettopp det. Norge er eit av dei landa. Mange hevdar heilt rett av vi må hjelpe til med å finne ei løysing lokalt. Men vi må også hjelpe dei som er i akutt nød, hjelpe dei opp av det livsfarlige havet, og hjelpe dei til ein stad å vere.

Som Haldis Moren Vesaas seier i diktet «Tung tids tale»;

«Det hjelper då litt, nokre få forfrosne, at du er varm».

Kva for ein rett har vi, som var heldige og vart fødde inn i ein fredeleg del av verda, til å sitje her heime på berget og ikkje ville hjelpe?

«Bredt og smalt og langt og kort.

Lite og stort er landet vårt. (…)

Men uansett hvor langt det er

-bratt og glatt og mørkt det er

Så venter det noen der (…)

Og uansett hvor du er,

er verdens navle der du er»

Dette syng gruppa No.4 i songen «Lite og stort». Det store fellesskapet Norge er bygd opp av massevis av små fellesskap. Familien, nabolaget, bygda, idretten, korpset.

Det er i lokalsamfunna vi lever liva våre. Her på Bryggja, i Nordfjord, i Sogn og Fjordane. Det er her vi skaper våre gode liv. Kva skal til for å ha eit godt liv? Det er så forskjellig. Heilt grunnleggande er sjølvsagt ein stad å bu, klede og mat. Men like viktig er sosial kontakt med andre, det å ha tilhøyre - i familien, i vennegjengen, på skulen, på arbeidsplassen, i bygda. Her på Bryggja ligg alt til rette for eit godt liv. Med flott natur, sentral plassert i høve det aller meste, og kjekke og flinke folk.

Rausheit og inkludering. Utanforskap. Dette kan vere så mykje. Eit tema som har blitt meir fokus på i det siste er einsemd. Det er mange, både unge og vaksne, som står fram og fortel at dei er einsame. At dei ikkje har nokon å vere i lag med, ikkje har nokon å gjere ting i lag med. Inkludering må ikkje verte eit moteord vi berre brukar når vi snakkar om våre nye landsmenn. Inkludering må vere viktig for alle som på ein eller annan måte ikkje får innpass i kvardags-samfunnet. Alle har vi eit sjølvstendig ansvar for å bidra til at folk kan kjenne seg inkluderte. Og vi vaksne må vere gode rollemodeller for våre unge.

Kva som er norsk er ikkje ein fastlåst storleik - vi har alle eit ansvar for å bidra til at vi kan vere stolte over å vere norske. Eg vil hevde at rausheit er noko av det typiske for vårt norske samfunn. Og at vi nordmenn har erfart at raushet har gitt oss mykje som menneske og som samfunn, ein kan seie at det er ein kjerneverdi i det norske. For å omskrive eit sitat av landsfaderen Einar Gerhardsen: Alle skal få kake, ikkje berre brød.

Det bles ein kraftig sentraliseringsvind over landet. Alt skal bli meir robust. Større er visst betre. Vi ser det i smått og stort - Helse Førde, politireform, skatteetaten, grendaskulane, kommune- og regionreform - noko vert sikkert betre, noko blir det ikkje.

Ein kan få inntrykk av at heile Norges befolkning helst vil flytte til dei største byane. Og at det er ei ønskt utvikling. Men slik er det jo ikkje. Når Hurtigruta fer nordover langs kysten, og dei store cruiseskipa fer innover i fjordane, er det jo nettopp vakker natur og levande bygder med lys i husa turistane vil sjå og oppleve - ikkje gjengrodde, avfolka og avstengte lokalsamfunn. Og er vi som nasjon eigentleg tente med at den beste matjorda vert asfaltert til parkeringsplassar, og dekt av lagerbygg og kjøpesenter. Vi ser det i stor skala på det sentrale austlandet. Men vi ser det også her i vårt fylke. Og vi likar det ikkje.

Her på Bryggja. De skal bli del av ein ny kommune. Stad i lag med Selje og Eid. Dette vert spennande, og eg har god tru på at det skal verte bra for oss alle. Men eg har sjølvsagt fått med meg at det har vore turbulens, kanskje er det det framleis. Det har vore kamp om skulen i fleire rundar. Kva vil skje i framtida?

På Bryggja, som i alle bygder og byar, har det vore endringar, og det vil heilt sikkert kome endringar i framtida.

Men identiteten til Bryggjaveringane, røtene, historia - det kan ingen ta frå dokke. Det er absolutt ingen grunn for Bryggjaveringar til å stå med hua i handa korkje i Måløy, på Nordfjordeid eller elles i verda. Her er ein arbeidsame, engasjerte, interesserte, kunnskapsrike, nytenkjande og tradisjonsbundne. Ein kan vere kreative, og litt humoristiske. Dette må de ikkje sleppe. Det er dette som gjer at det er ein eigen identitet å vere frå Bryggja. Sjølv om barna kunne komme til å gå på skule andre stader. Denne identiteten vil bestå uavhengig om ein høyrer til Vågsøy eller Stad kommunar. Fordi dette er lokalsamfunnet, og det er det som betyr aller mest.

Eg tenker ofte at om folk verkeleg hadde forstått kvalitetane med å bu her i Nordfjord, i Sogn og Fjordane, eller ein annan stad i distrikts-Norge - ville veldig mange fleire valt å flytte ut av byane. Det vi måtte mangle av butikkar, resturantar og kulturarrangement - det tek vi i mangefald igjen i engasjement - for kvarandre og for lokalsamfunnet.

På nasjonaldagen synes eg det er på sin plass å tenke litt på kor heldige vi er her hos oss. Heldige som vart fødde inn i verda akkurat på denne rolege pletten. Vi har fred, dei aller fleste av oss har arbeid, vi har velstand. I vår tid treng vi faktisk ikkje reise langt utanfor landegrensene for å møte folk som lever under heilt andre vilkår. Eg vil hevde at vi har all grunn til å vere takknemlege. Den største faren i vårt samfunn er nok ikkje armoda, men kanskje det å verte likegyldige, å ta ting for gitt.

Engasjement er viktig både nasjonalt og i kvart vesle lokalsamfunn. Også her hos oss.

Her på Bryggja er det lange tradisjonar for å engasjere seg, delta i dugnad og å få ting til.

No i vår har det vore stort fokus på forsøpling, og då særleg med plast. I starten av mai var det nasjonal søppelryddedag og strandryddedag. Plastforsøplinga synes å vere ekstra alvorleg for kysten og for havet. Dette har engasjert breitt, og særleg hos dei unge.

For eit par veker sidan var eg ute og gjekk tur med hunden. Då trefte eg ein bonde som gjekk langs vegen ved jordet sitt og plukka blikkboksar folk hadde hive frå seg. Han fortalde at dyra risikerte å få dei i foret, og at dei kunne skjære seg opp innvendig. Ganske dramatisk, og truleg lite tenksamt av dei som hiv frå seg. Så ver bevisst på kva du kastar og kor, og plukk gjerne opp etter andre. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Vårt kanskje aller viktigaste ansvar i den store samanhengen, er å levere jorda vidare til dei seinare generasjonane i forsvarleg stand.

Så engasjement er viktig, i stort og i smått. Når vi no i lag skal lage ein heilt ny kommune, vert dette også viktig. Ingen av oss har gjort det før, men her har alle høve til å vere med å bidra slik at Stad kommune skal verte best mogleg å bu og leve i, enten du bur i Ervik, på Bryggja eller på Lote.

Så til deg som er ung vil eg seie: Ver engasjert! Bruk talenta dine! Om du er flink i matte, flink å mekke, flink å spele fotball eller å bake muffins - lokalsamfunnet her på Bryggja og i Stad kommune treng dykk alle. Tenk på kva nettopp du kan gjere for at her skal verte enno betre å bu. Til deg som er vaksen vil eg seie: Vis respekt for dei som bidreg på ulike vis, også om du er ueinig. Tenk på om du sjølv kan bidra med noko dersom du ikkje alt gjer det, og tenk kanskje på om nettopp du har lyst å bidra i det første kommunestyret i nye Stad kommune

Til alle vil eg seie: Sjå kvarandre! Kva kan nettopp DU gjere for at nokon rundt deg skal få ein litt betre kvardag. Med desse orda vil eg avslutte, og ønske heile bygda ein fantastisk fin 17. mai!