Dette stadfestar administrerande direktør i Wenaas Kapital AS, Jan Petter Larsen.

– Dersom vi får utvikle området som vi vil, kan det vere potensial for bortimot 100 arbeidsplassar totalt, seier Larsen, som understrekar sterkt at ein er svært tidleg i prosessen med å skaffe aktørar til industriområdet.

– Det tar erfaringsmessig fleire år å ferdigutvikle eit slikt område, seier han.

Retail Eiendom AS har inne rammesøknad til Eid kommune. Denne skal behandlast politisk før sommaren, og det vil vere svært overraskande om den ikkje går gjennom.

– Vi er klare til å starte byggeprosessen så snart vi får søknaden godkjent, seier Magne Jan Vik frå Rema Etablering Nordre Vestland.

Rema-butikken som skal byggast er på 1.200 kvadratmeter, medan det skal byggast eit 1.400 kvadratmeter stort bygg som skal huse Europris.

Det var i februar i år at Eid Industrihus KF inngjekk ein samla kjøps- og opsjonsavtale med Retail Eiendom AS om det attverande arealet på 30 mål av Eid Næringspark

Rema og Europris

Det som Jan Petter Larsen og Magne Jan Vik kan stadfeste, er at det skal kome ein ny REMA 1000-butikk på Nordfjordeid. Denne skal då kome i tillegg til den eksisterande REMA 1000-butikken ved Sjøgata.

Dei kan også stadfeste at Europris skal inn i nye lokale på Stokkenes/Langeland.

Meir om saka i neste papirutgåve av Fjordabladet