Helsetilstanden i Eid kommune avvik lite frå resten av landet, men kommunen har auka førekomst av høg BMI og enkelte krefttypar, muskel og skjelettplager og bruk av ADHD medisin. I Eid kommune si helsekartlegging vart det og peika på ein noko auka førekomst av rapportert einsemd.

Eid kommune er vertskommune for psykiatri og ruspost, etter behandlingsopphald her vel mange å busette seg i kommunen. Dei siste åra har kommunen og registrert ein auke i unge vaksne som har behov for kommunale tenester, dette er ei gruppe som ofte har helseutfordringar.

Eid kommune har ikkje eit eige tilbod utanom fastlegeordninga som treff vaksne og eldre som har ei helseutfordring som kan regulerast gjennom til dømes endring av levevanar og kosthald. Difor vil det vere nyttig å ha eit lågterskel tilbod til denne gruppa.

Ein frisklivssentral vil vere ein plass innbyggjarane kan ta kontakt om dei har behov for rettleiing eller råd. Det er eit mål å kunne redusere sosiale ulikskapar i helse.

Primærhelseteam

Eid kommune har og fått tildelt pilotprosjektet primærhelseteam med oppstart i juni 2018. Målet med dette prosjektet er å kunne gje eit betre tilbod til dei som treng det mest, målgruppa er dei med kroniske og samansette lidingar. Dei med psykiske lidingar og rusavhengigheit, skrøpelege eldre og brukarar med utviklingshemming og funksjonsnedsettelsar, dette er ei gruppe som ikkje i stor grad etterspør helsetenester sjølve. Tilsette ved ein frisklivssentral i Eid vil kunne vere gode samarbeidspartar for dei to sjukepleiarane kommunen har tilsett til dette prosjektet.

Det skal leggast fram ei politisk sak i løpet av 1. halvår 2018 om etablering av frisklivssentral i Eid, eventuelt i samband med arbeidet med nye Stad kommune.