– Elevane treng å møte ei opa dør

– Elevar treng å møte ei opa dør, meiner rektor ved Eid vidaregåande skule, Ove Bjørlo. Han har sendt høyringsuttale frå skulen om Kommunedelplan for helse og omsorg i Eid kommune 2018–2020.

AUKA BEHOV: Rektor melder om at talet på unge med psykiske problem aukar. 

Nyhende

Eid vgs. understrekar i sin uttale det sterke behovet som er for å ha ei skulehelseteneste som er tilgjengeleg fleire dagar i veka for elevane. – Vi ser at talet på unge med psykiske plager aukar, og vi har opplevd at skulehelsetenesta er ein viktig aktør for å hjelpe elevane med å få ei betre psykisk helse. Det er stor etterspurnad etter helsesøster, og sånn som det er i dag, rekk ho ikkje anna enn korte samtalar med elevane. Skulen ønskjer å kunne bruke helsesøster i større grad førebyggande og vil gjerne at helsesøster er meir på skulen. Elevar treng å møte ei opa dør, seier Bjørlo.