Etter realisering av Ålesund-tunnelane var fokus i mange år tunnel under Nordfjorden. Utvikling av teknologi og krav til stigningsforhold gjer at det i dag er bru som blir vurdert som aktuelt og realistisk for kryssing av fjorden. Selskapet Nordfjordbrua AS (tidlegare Nordfjordkryssing AS) har sidan desember 2007 arbeidd med å realisere ferjefri kryssing over Nordfjord mellom Anda i Gloppen kommune og Lote i Eid kommune.

Kommunane Eid og Gloppen har i fellesskap utarbeidd ein felles kommunedelplan for fjordkryssinga. Planen er godkjend av kommunestyra i begge kommunane. Dette er ein arealplan som regulerer nødvendig areal for ilandføring av ulike brualternativ.