Oppsitjarane på Os har søkt om snarleg tilkopling til offentleg kloakknett. Dei sende søknad 12. mars der 11 grunneigarar hadde skrive under. Fem veker seinare hadde dei enno ikkje fått svar, ei heller at søknaden er motteken. På vegner av oppsitjarane etterlyser Gunvald Ludvigsen respons, ikkje minst fordi dei vurderer å samordne det omsøkte kloakkprosjektet med oppsetjing av gatelys og nedlegging av datafiber.