I rapporten har ein mellom anna sett på endringar i rekkjevidde når det gjeld reisetid med utgangspunkt i Nordfjordeid sentrum og med utgangspunkt i Sandane sentrum, frå ein situasjon med 20 minuttsavgangar på ferja til ein ny situasjon med Nordfjordbrua Anda-Lote realisert.

– Sandane utmerkjer seg som staden med størst potensiell endring i bu-, arbeids- og servicemarknad med ein ny ferjefri forbindelse til erstatning for ferjesambandet Anda-Lote, står det å lese i rapporten.

Frå Sandane kan ein kome seg nesten til både Måløy og Volda i løpet av ein time og til Stryn på dryge 45 minutt. Frå Nordfjordeid ligg framleis dei større marknadene Førde, Sogndal og Florø langt unna.

Rapporten legg til grunn at effektane av Nordfjordbrua i hovudsak er lokale, og at dei største endringane i trafikkmengda skjer mellom Nordfjordeid og Sandane. På denne strekninga vert reisetida halvert, i tillegg til at ferjekostnader fell frå.

I rapporten har ein lagt til grunn at Nordfjordbrua gir ei innsparing i reisetid på 19 minutt, og dermed ein halvering av reisetida mellom Nordfjordeid og Sandane.

Med Nordfjordbrua, og utan ny E39 i indre, vil det lønne seg å køyre via Nordfjordbrua og langs Hornindalsvatnet for strekninga Sandane-Stryn. Dette gir ei innsparing i reisetid på 17 minutt samanlikna med reisetida i nullalternativet som går over Utvikfjellet. Det same gjeld for strekninga Hornindal-Byrkjelo, der det vil vere ei innsparing på 14 minutt ved å køyre Nordfjordbrua i staden for Utvikfjellet.

Potensial for samhandling i området Nordfjord vert betydeleg endra, og Nordfjordbrua aukar moglegheita for svært mange menneske til ein ny kvardag, heiter det i rapporten.