Det sa Olav Hjelle som på oppdrag frå Stad 2020 har jobba med ein «Næringsanalyse» med utgangspunkt i dei to kommunane som skal bli ein i 2020.

–Vi har eit veldig godt næringsliv i dei to kommunane, og for den del i heile regionen, men vi er ikkje flinke nok til å utnytte moglegheitene. Ei utfordring er at vi ikkje samarbeider godt nok, og at vi har for få felles treffpunkt. Frå forsking veit vi at det største hinder for suksess, er kulturelle og skilnader, sa Olav Hjelle som etterlyste meir samarbeid i Nordfjord om ein skulle lukkast på fleire område.

Vekst i privat sektor

I næringsanalysen har Olav Hjelle stilt 46 spørsmål til næringslivsleiarar, om deira utfordringar, framtidstru og sterke og svake sider ved den nye Stad kommune.

–Summert kan vi seie at næringslivet har framtidstru på nye Stad kommune. Dei fleste forventar vekst og netto auke på nye arbeidsplassar. Leiarane i dei private bedriftene som er intervjua uttaler at dei skal skape netto auke på 146 nye arbeidsplassar dei neste 3 åra. Noko som er ein vekst på 5,2 prosent. Den spådde veksten fordelar seg med 35 i Selje og 111 i Eid

– I Eid reknar ein med ein vekst på rundt hundre nye arbeidsplassar i tenesteytande næringar. I Selje ti. Eg trur, dersom ein gjer alt rett, at potensialet er større, sa Olav Hjelle som la til at ein del av veksten vil kome i kompetansenæringar, reiseliv og omsorgsyrka.

–I tillegg veit vi at ein del av veksten vil kome i dei bedriftene som ikkje er intervjua (44 %), som følgje av nytt næringsareal på Myklebust/Lunden, ringverknader som følgje av eventuell Stad Skipstunnel, endring i talet på arbeidsplassar i offentleg sektor og i form av nyetableringar, sa Hjelle.

Største utfordringane

Men samstundes såg han utfordringar.

–Ei av dei største utfordringane vi står oppe i, er ein framhaldande lekkasje av ungdom ut av regionen vår. Dette har samanheng med at Nordfjord ikkje har vidareutdanning ut over vidaregåande skule, og at ungdom reiser ut får å få seg ei utdanning. Vi veit at ungdom som reiser ut er vanskeleg å få tilbake, om vi ikkje har attraktive arbeidsplassar å tilby. Greier vi ikkje å rekruttere kompetansen som næringslivet treng, blir konkurranseevna svekka, og veksten vil kome andre stader. I ei tid med auka sentralisering, der andre regionar i fylket, spesielt aksen Flora, Førde, Sogndal, blir prioritert framfor Nordfjord, er faren for å stagnerer og sakke akterut stor. Difor er det heilt avgjerande at den politiske kampen som vi i ein del samanhengar har vore vitne til, der politikarane «spenner krok på kvarandre», ikkje får halde fram. Dette skaper også eit omdømeproblem, sa Olav Hjelle og stilte samstundes spørsmål om Nordfjord er rigga for framtida?

Viktige spørsmål

–Er dagens struktur og samarbeidsformer i Nordfjord gode nok til å kunne møte framtida for næringslivet? Er næringslivet og det offentlege på same arena for å kunne styre den strategiske utviklinga? Gjer ein regionale prioriteringar på dei viktige områda for næringsutvikling? Legg ein rullerande langtidsplanar som involverer næringslivet, og som skal bidra til å utvikle næringslivet i regionen?

Håp i hengande snøre

Trass i ein del dystre utsikter hadde Hjelle også tru på framtida for Stad kommune.

–Vi har eit godt utgangspunkt. Nordfjord og Stad er gode merkevarer å bygge vidare på, noko som også vil vere avgjerande i forhold til rekruttering. Vi må evne å sjå på oss sjølv i eit globalt perspektiv. Evne til å løfte oss opp og sjå kommunen/regionen i «drone-perspektiv». Finne det unike, og zoome inn. Snakke vel om den nye kommunen, skape kultur for å heie på kvarandre, unne naboen suksess. Det er også viktig at personar frå næringslivet står fram, og deltek i å utvikle gode nettverk, og vise det komplette tilbodet /kvalitetane – frå bre til hav – som Nordfjord har å by på, sa Olav Hjelle som meinte ein måtte starte arbeidet allereie i ungdomsskulen.

–Vi må starte med dei unge – bygge stoltheit og identitet.