La det vere sagt med ein gong; Eg har stor sans både for kvinnekamp og lokaldemokrati. Grunnen til at eg stussar litt, heng saman med invitasjonen til folkemøtet. I invitasjonen står det følgjande: «Vi byggjer ny kommune. Ein viktig målsetjing i arbeidet med ny felles kommune er å utvikle og styrke lokaldemokratiet i kommunen. Eit demokratisk og rettferdig samfunn føreset engasjerte innbyggjarar som aktivt deltek i viktige politiske avgjersler.» Vidare vert det presisert at innleiarar og lokalpolitikarar (eit panel med tre lokalpolitikarar) debatterer temaet med utgangspunkt i kvinnedeltaking spesielt.

Til møtet hadde prosjektleiinga og Fellesnemnda i Stad 2020 invitert tre dyktige innleiarar. Fylkesmann Anne Karin Hamre, Stortingsrepresentant Hadia Tajik (AP), og forskar ved Rokkansenteret Bjarte Folkestad.

Forskar Bjarte Folkestad la fram interessante data om korleis representasjonen av ulike kjønn har utvikla seg i etterkrigstida og fram til det siste kommunevalet i 2015, nasjonalt. Vidare gjekk han inn korleis ulike mekanismar påverkar kjønnsbalansen i politiske styre og utval. Sjølv om forskaren ikkje kunne trekke eksakte konklusjonar på ting, var dette ei interessant innleiing med mykje fakta i botnen.

Hadia Tajik er ein svært så talefør politikar. Det stortingsrepresentanten og nestleiaren i Arbeidarpartiet sa, var interessant, men mitt spørsmål er om det hadde relevans til det som var utgangspunktet, nemleg eit avspark for å bygge eit sterkare lokaldemokrati og folkestyre i ein kommune som skal sjå dagens lys i 2020, og som blir den viktigaste enkeltfaktoren for at folk skal leve og bu i Stad kommune i åra som kjem. I seg sjølv er det interessant å høyre at Hadia meiner å kunne dokumentere at forsking på helse er meir innretta mot menn enn kvinner, og at når eit av verdas største selskap lagar ein «helseapp», så er den ufullstendig fordi den ikkje registrerer kvinners menstruasjon. Men igjen kva hadde dette med framtidig lokaldemokrati i vår nye kommune å gjere?

Anne Karin Hamre, fylkesmann i Sogn og Fjordane, var oppteken av korleis lokalmedia utfører sitt samfunnsoppdrag. Fylkesmannen var både innom lokalmedia sin kjeldebruk, altfor få kvinnelege kjelder. Dårleg kvinnedekning i redaksjonane rundt om i fylket, og vidare at det var svært få kvinnelege redaktørar. Fylkesmannen fortalde også ei artig historie frå eit besøk Kristin Halvorsen hadde i Sogn og Fjordane, der tema var det moderne Sogn og Fjordane. Møtelyden bestod av 20 menn i alderen 50–60 år og Kristin Halvorsen. Alt dette er sjølvsagt interessant, men igjen; Kva hadde dette med avspark for eit sterkare lokaldemokrati i Stad kommune å gjere?

Eg håper, og det forstod eg på fleire i forsamlinga, at Stad 2020 inviterer til nye møte der lokaldemokratiet står på dagsorden. Vi veit korleis lokaldemokratiet fungerer i dag, og dei fleste har sikkert ei meining om korleis vi kan gjere lokaldemokratiet endå betre. Møteleiaren, prosjektleiar for Stad 2020 Åslaug Krogsæter, sa innleiingsvis at ting stort sett er bra, men at vi kan gjere det endå betre. Då vil det heilt sikkert vere interessant å få folk i tale om det eigentleg gjeld. Det var det lite fokus på i går kveld.