Søkjarlista er som følgjer: Anna Kirsten Hellevang, Eid, Christian Tandberg, Porsgrunn, Dag Magne Sætren, Visby/Sverige, Håvard Kjetil Fagerli, Barmen, Marit Norheim, Gaupne, Mette Johansen, Eid, Ole-Andreas Aarvik, Bergen, Roger Kvarsvik, Bergen, Turi Øyer Rustøy, Oldedalen/Gran Canaria.

– Vi skal ha på plass den femte i leiargruppa. No lagar vi ein ny organisasjon der ansvar blir fordelt, og der alle leiarane skal ha litt undervisning, seier rektor Ove Bjørlo. Han er fornøgd med søkjarmassen.

– Men eg kunne kanskje tenkt meg fleire med leiarerfaring frå vidaregåande skule. Rett over påska kallar vi inn fem til intervju, og reknar med tilsetting i løpet av april, fortel han.