Etter snøraset i Skredestranda søndag morgon, er spørsmålet om sikring igjen blitt meir aktuelt. Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, seier at vurderingar frå Statens vegvesen viser at berre tunnel vil gjere denne strekninga på E39 rassikker. Han viser til ein rapport frå vegvesenet som kom ut i august 2016.

100 prosent sikkert

– Rapporten skisserer fleire alternativ for rassikring. Men konklusjonen til slutt er at berre tunnel vil gjere dette området heilt trafikksikkert. No vil vi invitere Statens vegvesen for å få ei orientering i høve til politikarane i Eid. Så må vi arbeide for å løfte denne saka opp på eit høgare politiskk nivå, seier Bjørlo som også viser til at trafikken i området har auka sidan rapporten blei laga for vel halvanna år sidan.

200 fleire bilar

Då rapporten vart laga i 2016 var det om lag eit gjennomsnitt på 1200 bilar i døgnet forbi denne strekninga i Skredestranda. No har denne årsdøgntrafikken (ÅDT) auka opp til 1400 bilar. Altså 200 fleire bilar i døgnet. Ved ytterlegare auke, og passering av 1500 bilar i døgnet, skal det gjerast endå strengare rasvurderingar.

– Blir det over 1500 bilar i døgnet kjem ein opp på nivå D når det gjeld akseptkriteriar for skred. Fordi trafikken er i auke er det enno meir aktuelt med tunnel, seier ordførar Bjørlo.

Auka rasfare

I rapporten frå Statens vegvesen blei rasfaren i Skredestdranda i utgangspunktet plassert i kategori fire, av seks kategoriar der ein er høgaste rasfare. Men på grunn av hyppigare ras, er det grunn til å plassere denne strekninga heilt opp i største rasfare, kategori ein eller to, heiter i konklusjonen i rapporten. Då denne blei skriven i 2016 hadde skred råka opp til to gonger i året dei siste åra.

Kan koste 450 millionar

I rapporten blir ein tunnel kostnadsrekna til rundt 450 millionar kroner. Det er vesentleg dyrare enn dei andre alternativa som går ut på rassikring. Men ved alternativa som omfattar magasin for å stoppe skred, bru med skred under, brei grøft mot skred eller voll mot skred er det ikkje mulig å garantere 100 prosent tryggleik for dei som ferdast på vegen.