Sigrid tok NM-gull

Sigrid Flo Bødal (K 19) gjekk heilt til topps på normaldistansen i NM på Voss i dag.

Sigrid Flo Bødal, Stårheim IL vart i dag Norgesmeister på normaldistansen under NM på Voss.  Foto: Arkiv

Nyhende

Skiskyttaren frå Stårheim IL tok NM-gullet etter imponerande skyting. Ho fekk berre éin bom på dei fire opphalda på standplass. Flo Bødal tok ein soleklar siger, heile eitt minutt og 18,5 sekund føre Marte Lien Johnsen, Byåsen SSL. Bronsen gjekk til Marthe Kråkstad Johansen, Bossmo & Ytteren IL. Det var 35 startande i klasse kvinner 19 år på normaldistansen i NM på Voss i dag.

I morgon er det ordinær runde i Norgescupen i skiskyting på Voss, medan det er NM mix-stafett søndag.