Tett samarbeid

Næring og skule – hand i hand

– Dette er vinn – vinn for begge partar. Studentane får verdifull reell praksis, og bedrifta får tilført betydeleg gratis arbeidskraft, samt verdifull input. Dette bør fleire bedrifter nytte seg av, fastslår Inge Bakke frå Seljefirmaet Waveco.

Næring og skule: Frå venstre: Inge Bakke (Waveco, Kristian Ramstad, Linda Helgesen, Amalie Svardal (alle studentar ved HVL) og Vegard Larssen (Stad Towing Tank).   Foto: Høgskulen på Vestlandet

Ivrige: Diskusjon rundt moglege løysingar. F.v. Kristian Ranstad, Amalie Svardal, Linda Helgesen, Inge Bakke og Vegard Larssen.  Foto: Høgskulen på Vestlandet

Nyhende

Les meir om utdanning her

Han har to bachelorgrupper i sving med arbeid opp mot utvikling av nye metodar for å vinne ut bølgjekraft.

Bøygd over bordet sit engasjerte studentar og rettleiarar i ivrig diskusjon. Korleis finne beste løysing for måling av kraftuttak frå turbinen som skal gjere bølgjekraft om til grøn energi?

Gjennom avanserte teikneprogram, sensorteknologi, 3D-printa modellar og ein stor testtank tilgjengeleg, ligg alt til rette for å finne den optimale løysinga.

Moderne utstyr

I lokala til Stad Towing Tank i Måløy har Florø-studentane tilgang til topp moderne utstyr, og ikkje minst kompetanse.

– Det er veldig inspirerande å skrive oppgåve for bedrifta Waveco. Vi føler at det vi gjer er nyttig, og vi får testa ut det vi har lært på skulen i ein reell situasjon. Sjølv om eg er frå Florø visste eg ikkje at vi hadde så glimrande testfasilitetar så nært, seier Amalie Svardal, student på tredje året ved ingeniørutdanninga i Florø.

– Men det er vanskelegare enn kva vi trudde. Det å forme om ein god teoretisk ide til noko som er praktisk gjennomførbart er krevjande, repliserer medstudent Kristian Ramstad.

Viktig samarbeid

Dagleg leiar ved Stad Towing Tank, Vegard Larssen, er godt vand med å rettleie studentar.

– Vi har nok hatt inne rundt 20 bachelor- og masterstudentar. For oss er dette viktig, både i form av å ta samfunnsansvar for å utvikle nye generasjonar av teknologar, men eg skal ikkje legge skjul på at dette er god marknadsføring for oss. Ofte ser vi at studentar ønskjer å komme tilbake etter enda utdanning, kanskje gjennom nye firma dei er tilsett i, som då blir våre kundar. Vi gir og studentar tilbod om sommarjobb. På den måten gir vi dei relevant erfaring, samstundes som vi er med på å kvalifisere mogeleg eigen framtidig arbeidskraft, seier han.

Positivt

– Vår erfaring er at arbeid med bachelor- og masteroppgåver blir opplevd svært positivt ute i bedriftene. Men det er kanskje ei ordning som ikkje er godt nok kjend. Tar ei bedrift inn ei bachelorgruppe, blir bedrifta tilført over eit årsverk i form av godt kompetent arbeidskraft. Samstundes opnar dette for eit tett samarbeid med interne rettleiarar ved Høgskulen på Vestlandet. Studentane får verdifull erfaring og bedriftene får, i tillegg til arbeidskrafta, ei kompetent ekstern vurdering av sitt prosjekt av rettleiarar frå HVL. Våre rettleiarar vinn og på dette, gjennom at dei får fortløpande fagleg oppdatering på det som skjer ute i bedriftene, seier studiekoordinator ved HVL si avdeling i Florø, Øyvind Østrem.

Glimrande idear

– Eg trur mange bedrifter tenker litt for vanskeleg rundt det å bruke studentar til bachelor- og masteroppgåver. Mange bedrifter har nok liggande idear om ting dei gjerne vil utvikle, justere eller teste ut. Ein travel kvardag gjer at ein del av desse blir liggande. Her kan det vere mange gode oppgåver for studentar. Kanskje finn dei ut at ideen er glimrande, men det kan vere ei like god oppgåve sjølv om dei etter grundig arbeid forkastar ideen.

Avgjerande

Høgskulen på Vestlandet legg stor vekt på å vere tett på næring i sine utdanningar, noko som i høg grad gjeld for ingeniørutdanningane i Førde og Florø.

– Det å vere tett på næring er avgjerande. Mange næringar utviklar seg svært raskt. Skal ein klare å følgje med på det som skjer, må ein ut. Vi har derfor praksis i mange av våre utdanningar, og sjølvsagt skriving av bachelor- og masteroppgåver. I tillegg veit vi at det er ein stor fordel å ha gode nettverk når ein skal inn i arbeidsmarknaden i dag. Her må både høg-skule og næring vere flinke å hjelpe studentane med nettverksbygging. Eg trur studentar som studerer på mindre studiestader har eit fortrinn her. Det er lettare å komme tett på næring, og det er lettare å bli lagt merke til på ein mindre plass, fortel Østrem.