Både Oppvekst- og kulturutvalet og formannskapet har samrøystes gått inn for dette. Kjølsdalen Montessoribarnehage SA har i dag 27 faste plassar for aldersgruppa 0–6 år, og søkte om ei utviding av tal plassar til 28,6. Kjølsdalen er ei bygd med positiv folketalsutvikling, og fleire småbarnsforeldre har flytta heim til bygda. Då aukar og trongen for barnehageplassar.

Får litt ledig kapasitet

Administrasjonen vurderer det slik at ei bygd som er i ei positiv folketalsutvikling treng barnehageplassar, og ein vurderer det som mest tenleg å auke tal faste plassar til 30. Då vil barnehagen ha opning for å ha noko ledig kapasitet viss det kjem fleire søkjarar.

Søkjarane til barnehageplassane i Kjølsdalen er stort sett frå Kjølsdalen Krins og nabokrinsen Stårheim. Ved å opprette nye faste plassar i Kjølsdalen, vil brukane få barnehageplass i sitt nærmiljø.

Administrasjonen er klar over at oppretting av nye plassar kan føre til at ein ikkje får fylt opp alle barnehageplassane i Eid sentrum. Dette vil i så fall gå utover inntektsgrunnlaget til sentrumsbarnehagane. Ein har likevel tilrådd at søknaden frå Kjølsdalen Montessoribarnehage vert komen i møte med den grunngjevinga at tal søkjarar til barnehagen er aukande, og at det er stor transportavstand til Eid sentrum for barnehagebarn frå Kjølsdalen.

Administrasjonen vurderer det også slik at endring av tal plassar i Kjølsdalen Montessoribarnehage SA, på kort sikt truleg ikkje vil føre til at Stårheim barnehage vil få færre barn, då det er berre fire barn som til neste år skal over ifrå skulen frå denne barnehagen.

Oppretting av barnehageplassar har vore eit tema i fleire år, og Eid kommune har gjort justeringar i tråd med dei behova som har oppstått. Ein har tidlegare utvida tal plassar i Golvsengane barnehage, Gjerdane barnehage, Kjølsdalen Montessoribarnehage og Haugen barnehage.

Tal fødde til no i år og forventa fødslar inneber 70 nye borgarar til verda i Eid kommune før utgangen av 2017, og ifølgje rådmannen ser behovet for barnehageplassar ut til å vere noko aukande.

Gjerdane barnehage har i dag 45 godkjende plassar, Golvsengane 136, Haugen 18, Stårheim 34, Eid 82, Kjølsdalen 27, Snøkrystallen 12, Nøtteliten familiebarnehage 4, Fossebakken familiebarnehage 4.