Puben i Gamlebanken på Nordfjordeid er samlingsstad for valvake, for både politikarar og andre som er interesserte.

Dei første som inntok valvaka i kveld var Sara Røe, Jeanette Heimsæter og Rune Berg. Dei hadde nettopp gjort si borgarplikt, og tykkjer det er veldig spennande å følgje med på det som skjer utover kvelden.

Dei er sjølve spesielt engasjert i helse, omsorg og utdanningsspørsmål, og ikkje minst rettferdig saksbehandling av helsepersonell som det er uttalt behov for i Norge. Godkjenning av utanlandske psykologar er noko som omfattar fleire hundre arbeidstakarar og studentar. Behovet for psykologar er stort, ikkje minst fordi helseministeren har lova at alle kommunar skal få psykologar. Derfor er det ekstra uforståeleg at det er vanskeleg å få slik godkjenning.

Dei tre tykkjer det har vore litt mykje drittslenging blant dei største partia i valkampen, ein lite konstruktiv måte å få fram politikken sin.

– Det er betre å snakke om seg sjølv, enn å snakke ned andre, er deira meining.

God valdeltaking

På rådhuset er teljinga i full sving, og så langt ser det ut til at valdeltakinga er veldig bra. Grovt rekna ser det ut til å vere om lag 80 % av dei om lag 4300 røysteføre som har gjort borgarplikta si. Ved stortingsvalet i 2013 var frammøteprosenten i Eid på 78,4%.

Alfred Bjørlo reknar ut at valprosenten er høg.
Her kjem stemmene frå Stårheim krins.