Øystein Mathisen byrja som sokneprest i Eid 25. september i fjor. Etter knapt eitt år seier han opp stillinga, og reiser tilbake til jobben som han hadde permisjon i frå i Oslo. Der han var kapellan i Tonsen kyrkje. Han understrekar at han har likt seg godt i Eid, og at han er blitt godt motteken av dei tilsette innafor kyrkja. Han skulle gjerne vore lenger som sokneprest i Eid, men sluttar no av private grunnar.

–Eg har hatt eit fint år her i Eid. Både plassen og kyrkja inneheld mange flotte folk, seier Mathisen som frå før har vore tilsett i tre år som som kapellan i Tonsen kyrkje. Før det var han sju år som prest i Nes menigheit. Mathisen er frå Østfold og har tidlegare jobba både som lærar og journalist.