– Det blir spennande å sjå kva Skiforbundet legg opp til

– I og med at sesongen har gått så bra, så håper eg på å bli tatt ut på Europacuplaget. Det blir spennande å sjå kva Skiforbundet legg opp til, seier alpinist Åge Solheim.

Søndag vart han 21 år, og dette er hans siste år som junior.

Åge bur på Lillehammer og held på med andre året av ein bachelor i økonomi. Men han karakteriserer seg sjølv som hobbystudent. Det er alpint som har førsteprioritet.

Gode resultat

Det har vore ein bra sesong for Åge Solheim med gode resultat. Det var slett ikkje sjølvsagt, for i fjor på denne tida brakk han leggen, og han var usikker på om han fekk konkurrere denne sesongen. Men det gjekk bra. Solheim vart tatt ut til junior-VM der han fekk ein 11.-plass i storslalåm. Han vann Super-G og vart nummer 2 i storslalåm i junior-NM. Han har gjennom sesongen vunne ei rekkje FIS-renn, både i slalåm og storslalåm og han vann Norgescupen samanlagt.

Feira med sjekk og kake

Søndag var alpinmiljøet i Haugen IL samla i varmestova på Harpefossen for å gjere stas på og feire alpinistane Åge Solheim og Andrine Mårstøl.

– Dei gjer det betre og betre, og det må vi feire. Det er kjekt at dei aktive finn forma, det smittar nedover i organisasjonen, spesielt er det viktig for dei yngste aktive, seier leiar i alpingruppa i Haugen IL, Anders Engeland.

Arild Lillebø delte ut sjekkar til dei to alpintalenta, og han gav klar beskjed til dei yngre håpefulle om at det er berre å stå på, så får dei også slike sjekkar.

Har målet klart

Andrine Mårstøl hadde ein litt treg start på sesongen, men prestasjonane har vorte stadig betre. Ho kan vise til bronse i storslalåm under junior-NM, og ho var med i senior-NM i Narvik der det vart ein 7.-plass i slalåm. Og sesongen er enno ikkje slutt. Andrine håper at forma held og at oppturen held fram. Ei bra avslutning på sesongen, gjev større motivasjon til å stå på vidare til neste sesong.

– Det er alltid kjekt å avslutte med litt sjølvtillit. Eg satsar for fullt. Målet er å bli best i verda, seier den målretta alpinisten frå Haugen IL.

Andrine fyller 18 år i mai, og går 2. året på NTG på Lillehammer, men set stor pris på å vere heime hjå familien og på feiring av resultata saman med alpingruppa i Haugen IL.

– Det er kjempekjekt å vere her. Her er det alltid god stemning. Vi er som ein stor familie, seier den ambisiøse alpinisten, som altså satsar for fullt med god fart mot stjernene.

SKAL BLI BEST: Alpinisten Andrine Mårstøl satsar for fullt. Søndag vart ho heidra av alpingruppa i Haugen IL. Foto: Anna Wuttudal