Sogn og Fjordane Teater feirar 40 år og jubilerer med den musikalske komedien «Evig ung» av Erik Gedeon. I går var det Operahuset Nordfjord som fekk vitjing, og det var ein høgst oppegåande og vital 40-åring som dei kring 100 publikummarane fekk oppleve på scena.

Skodespelarane Claus Sellevoll, Elisabeth Moberg, Idun Losnegård, Oda Alisøy, Sigurd Sele og Stig-Werner Moe gjekk inn i rollene med liv og lyst og leverte ei framsyning mest utan dødpunkt. Ved pianoet på scena sat pianist Harald Dahlstrøm, som akkompagnerte skodespelarane i kjende songar. Alle såg ut til å storkose seg på scena og dei fekk god kontakt med publikum, som humra og lo og klappa innimellom frå første stund.

Livsglede

Fargerike kulissar og kostymar er med på å gje framsyninga eit friskt og sprekt preg, i kontrast til handlinga som er lagt til ein gong i framtida når Sogn og Fjordane Teater er lagt ned og gjort om til ein gamleheim for avdanka skodespelarar. I dei gamle kroppane er det framleis mykje krut, som kjem til syne når pleiarane er ute. Dei gamle slår seg laus og minnast høgdepunkt i livet, både store roller på scena og tida som opprørsk ungdom. Sjølv om kroppane har forfalle og hukommelsen sviktar, er dei innvendig i stor grad framleis som dei eingong var, den gongen då dei fekk applaus og var attraktive og omsverma.

Livet som gamal

Det er gode song- og skodespelarprestasjonar gjennom heile framsyninga, som er gjennomsyra av humor og livsglede. Vi får servert bitar av Sogn og Fjordane Teater si historie og framsyningar, saman med kjende songar, både lokale og eviggrøne pop- og rockelåtar. Men det som gjer «Evig ung» ekstra sjåverdig, er den sårheita som ligg under og den ettertanken som blir vekt om at vi alle er forgjengelege og skal ligge i pennalet og rotne, eller brennast i ein omn og fyllast i ei urne, slik den tørklekledde urna til Oddvar Torsheim på pianoet heile tida minner oss om.

Eit påtrengande spørsmål som pressar seg fram er korleis vi behandlar vore gamle som sit og ventar med grått hår og skjelvande hender. Blir dei stua bort og gløymde og behandla som barn som ikkje lenger får bestemme over seg sjølve, men som versegod må tilpasse seg einsemd eller institusjonslivet sine rutinar i dødens forgård.

God kvalitet

– Eg synest det var veldig kjekt. Det var rom for ettertanke i all humoren. Det er kjekt at dei klarer å produsere så god kvalitet. Det var artig å høyre latter bak i salen. Eg håper at gamle folk på aldersheimane held på slik som desse når pleiarane er ute.  Det var moro med Oddvar Torsheim i urna. Eg gler meg til alderdommen dersom det er så kjekt, ler publikummar Linda Gytri som hadde teke turen frå Stryn for å få med seg framsyninga.

Gytri liker veldig godt augeblikkskunst, å oppleve skodespelarane her og no tett på, og ho tykkjer Sogn og Fjordane Teater har mykje bra å by på.

----

"Evig ung" av Erik Gedeon

Omsetjing: Marit Tusvik

Regi: Hilde Sol Erdal

Scenografi: Åse Hegrenes

Maske: Helene Andersson

Lysdesign: Krystian Myska

– Eg gler meg til alderdommen, dersom det er så kjekt, ler publikummar Linda Gytri, som prøvegår ein gjengløymd rullator.