Gull og Gull til Sigrid

I dag gjorde ho det igjen: Sigrid Flo Bødal (K18) er Norgesmeister i rulleskiskyting 2016.

Sigrid Flo Bødal vann både sprinten og jaktstarten under helgas NM i rulleskiskyting.  Foto: Nordfjord team skiskyting

Johan-Olav Smørdal Botn tok sølv under jaktstarten søndag. NM i rulleskiskyting.  Foto: Nordfjord team skiskyting

Nyhende

I går tok Sigrid Flo Bødal gullmedalje på NM rulleskiskyting sprint, og i dag vann ho igjen på jaktstarten, trass i at ho hadde 7 bom. Dermed er Sigrid på god veg mot ein flott sesong i skiskyting. At ho er god i sporet er det inga tvil om, men framleis ein del å hente på skytinga. På andreplass Juni Arnekleiv frå Dombås IL, og på tredje Ingrid Kristine Hagen frå Åsnes skiskytterlag. Alle tre vinnarane går på Norges Toppidrettsgymnas på Lillehammer.

Gjekk til sølv

Også Johan-Olav Smørdal Botn gjorde jobben i klassa M18, og fekk sølvplassen bak Lars Hammernes Leopold frå Asker skiklubb som tok gullet. På bronseplass kom Filip Fjeld Andersen.


Sjå kva ho sa om løpet sitt laurdag:


 

Dei øvrige resultata i Jaktstart rulleskiskyting

Stårheim IL

26. Isak Flo Bødal (M Senior)

23. Mari Sollid Eide (K Senior)

Heidi Flo Bødal stilte ikkje til start.

Eid IL

11. Elise Skeide Bakke (K19)


Heile resultatlista kan du sjå her.