EU-leiarar fordømmer Kviterusslands bruk av migrantar

EUs stats- og regjeringssjefar vil ikkje godta tredjelands forsøk på å bruke migrantar til politiske formål, er konklusjonen frå EU-toppmøtet torsdag.
utenriks

EU-leiarane «fordømmer alle hybridangrep på EUs grenser og vil svare på dei», heiter det vidare i konklusjonen. EU vil mellom anna sikre ei meir rettferdig fordeling av migrantar mellom medlemslanda og framleis «beskytte grensene».

Fleire EU-leiarar har skulda den kviterussiske presidenten Aleksandr Lukasjenko for å organisere migrasjonen som ein hemnaksjon mot EUs straffetiltak.

Fleire sanksjonar kan no vere på veg, varslar EU-leiarane.


(©NPK)