Bolsonaros store velferdsplan skakar finansmarknadene

Brasils president Jair Bolsonaros forslag til ein stor velferdsplan har skaka finansmarknadene og ført til oppseiingar i næringsdepartementet.
utenriks

Prosjektet som Bolsonaro har foreslått, inneber store velferdsutbetalingar for vanskelegstilte grupper. Det kan koste staten nesten 44 milliardar kroner og kjem på eit tidspunkt då landet slit med høg inflasjon og arbeidsløyse.

Programmet skal starte opp i november med ein 20 prosents auke i utbetalingar til nær 17 millionar vanskelegstilte brasilianarar. Det er ikkje kjent kvar pengane skal hentast frå.

Planane som blir lagde fram eit år før presidentvalet, har skaka finansmarknadane. São Paulo-børsen fall torsdag med 2,75 prosent, medan dollarprisen opp mot den brasilianske realen steig til det høgaste nivået på seks månader.

Fleire høgtståande tenestemenn har sagt opp jobbane sine i finansdepartementet som følgje av bekymring for planen, blant dei Bruno Funchal og Jeferson Bittencourt.

Det har vorte trekt fram at programmet gjer at den offentlege pengebruken overstig det lovfesta taket. Bolsonaro avviser at prosjektet er lovstridig.

Fleire analytikarar meiner velferdsplanen er eit forsøk frå Bolsonaro på å betre oppslutninga si før valet. Bolsonaros popularitet er på det lågaste nivået sidan han vart president i 2019.

(©NPK)