Toyota med gigantinvestering i bilbatteri

Bilprodusenten Toyota skal investere 3,4 milliardar dollar i produksjon av bilbatteri i USA innan 2030.
utenriks

I ei melding opplyser selskapet at dette betyr ein ny amerikansk fabrikk og ein produksjon innretta mot karbonnøytralitet. Satsinga gjer at det blir oppretta 1.750 nye arbeidsplassar.

Toyota skal utvide bilparken sin med ulike typar batteri frå rundt 55 modellar i dag til 70 modellar i 2025. Av dei 70 vil 15 vere reine elbilar.

Innan 2030 reknar Toyota med å selje to millionar nullutsleppsbilar på verdsbasis.

Storsatsinga gjeld batteri som både brukast i reine elbilar og i bilar som blir drivne av ein kombinasjon av el og hydrogen.

(©NPK)