Myanmar lovar å lauslate tusenvis av demonstrantar etter press frå naboland

Myanmars juntaleiar er erklært uønskt på toppmøte i Søraust-Asia. No lovar han å lauslate over 5.000 demonstrantar.
utenriks

Kven som blir omfatta av lauslatinga, er ikkje kjent. Over 7.000 personar sit framleis fengsla etter å ha protestert mot at militærjuntaen tok makta i eit kupp 1. februar.

Onsdag denne veka skal 5.636 av dei sleppast fri i samband med Thadingyut-festivalen, kunngjorde leiaren i juntaen, general Min Aung Hlaing, måndag.

Han gav ingen detaljar om kven som er på lista, men oppgav at over 1.300 av dei har signert eit løfte om ikkje å gjenta lovbrota.

Ein slik avtale er i botn og grunn ei slags benåding som inneber konstant og truande overvaking, meiner analytikaren David Mathieson

– Det fritek ikkje SAC (juntaen red.mrk.) for ni månader med ekstrem vald, seier han til nyheitsbyrået AFP.

– Tannlaus

Den søraustasiatiske samarbeidsorganisasjonen (Asean) har vorte kritisert for å reagere tannlaust på militærkuppet og den brutale maktbruken mot kuppmotstandarar. Over 1.200 er drepne av regimet, mange av dei unge demonstrantar.

I førre veke vart likevel tonen betydeleg skjerpa. Det skjedde etter at Aseans spesialutsending til Myanmar avbraut eit svært forseinka besøk fordi han vart nekta å møte mellom anna Aung San Suu Kyi, landets avsette sivile leier, som har sete i husarrest sidan kuppet.

Fredag gav Asean beskjed om at juntaleiaren ikkje er velkommen under toppmøtet til organisasjonen 26. -28. oktober, noko som knapt har skjedd tidlegare.

I staden vil organisasjonen invitere ein «ikkje-politisk» representant for Myanmar.

Gir opposisjonen skulda

Lauslatinga av over 5.000 demonstrantar kan vere godt nytt for Myanmar, men Min Aung Hlaing viser samtidig få teikn til forsoning. Same dag som han kunngjorde lauslatingane, refsa han både opposisjonen og Asean i ein TV-tale.

Her skulda han opposisjonen for «terrorisme, ran og drap», og skulda Asean for å ha eit delansvar for blodbadet sidan dei ikkje har hjelpt til med å slå ned valden.

– Vi må framleis handtere dette, heilt til no, men ingen har gjort noko seriøst for å hindre valden deira. Vi vart bedne om å løyse det, og vi er dei som løyser problema. Eg vil seie at Asean må gjere noko med det, sa juntaleiaren.

Han retta konkrete skuldingar mot ein komité som består av medlemmer av nasjonalforsamlinga som aldri fekk ta over plassane sine som følgje av militærkuppet, og dessutan Den nasjonale samlingsregjeringa, ei populær undergrunnsrørsle som har erklært seg som den legitime leiinga i landet.

Over 7.000 politiske fangar

Asean har tidlegare lagt fram ein fempunktsplan som militærjuntaen vart beden om å følgje for å få slutt på uroa. Men ifølgje organisasjonen er han ikkje gjennomført.

Planen inneber mellom anna at valden skulle avsluttast omgåande, at det skulle innleiast ein dialog mellom alle involverte partar, og at ein spesialutsending skulle besøkje landet og mekle mellom partane.

Framleis blir over 7.300 kupp-motstandarar haldne fengsla, ifølgje oversikta til ein interesseorganisasjon for politiske fangar. Blant dei er den amerikanske journalisten Danny Fenster, som vart arrestert 24. mai.

I juni lauslét styresmaktene over 2.000 demonstrantar, blant dei journalistar som er kritiske til militærjuntaen.

Suu Kyi skal vitne

Suu Kyi har sete i husarrest sidan kuppet 1. februar. Ho er skulda for ei rekkje forhold, og fleire kan gi mange år i fengsel. Rettsprosessen har starta, og neste veke skal ho for første gong sjølv vitne i rettssaka.

Militærkuppet vart grunngitt med valfusk etter at Suu Kyis parti NLD tok ein overlegen siger i valet i fjor haust.

Suu Kyi er no tiltalt for ei rekkje forhold, og fleire kan gi mange år i fengsel. Seinare i oktober skal ho vitne i retten for første gong.

I førre veke sa leiaren av forsvararteamet hennar at juntaen no forbyr han å snakke med både journalistar, diplomatar og internasjonale organisasjonar.


(©NPK)