Palau er nesten heilt fullvaksinert

Det vesle øysamfunnet Palau har vorte eitt av dei best vaksinerte stadene i verda. Der er meir enn 99 prosent av den vaksne befolkninga fullvaksinert.
utenriks

Dei siste tala viser at nesten 15.000 menneske er fullvaksinerte. Øystaten i Stillehavet har ei befolkning på om lag 18.000. Røde Kors opplyser at det betyr at meir enn 99 prosent av dei i rett alder har vorte fullvaksinerte.

Palau fekk sitt første koronatilfelle i august i år. Landet stengde grensene kort tid etter at pandemien braut ut, trass stor påverknad på turistindustrien.

(©NPK)