Katalansk separatistleiar arrestert i Italia

Den tidlegare katalanske presidenten Carles Puigdemon er arrestert i Italia, opplyser advokaten hans.
utenriks

– President Puigdemont vart arrestert på Sardinia, der han var på reise i eigenskap av å vere medlem av EU-parlamentet, melder advokat Gonzalo Boye på Twitter.

Han la til at arrestasjonen skjedde på bakgrunn av ein arrestordre frå oktober 2019. 

Puigdemon flykta til Belgia for å unngå arrestasjon etter det mislykka forsøket på å lausrive Catalonia frå Spania i 2017.

Han er saman med ei rekkje andre sikta for oppvigling, opprør og misbruk av offentlege midlar. 

(©NPK)