Opposisjonsleiaren i Kviterussland ber USA om nye sanksjonar

Opposisjonsleiar Svetlana Tikhanovskaja ber USAs president Joe Biden og EU om å innføre nye sanksjonar mot regimet til Aleksandr Lukasjenko i Kviterussland.
utenriks

Under eit besøk i Washington fekk ho «the full treatment» og hadde møte med ei rekkje leiande personar i politikk og næringsliv. Ho fekk òg audiens hos Biden i Det kvite hus.

– Det var ei ære å få møte Tikhanovskaja i dag tidleg, skreiv Biden i ein twittermelding i etterkant av møtet. Han uttrykte si støtte til alle austeuropeiske land som kjempar for demokrati.

Bodskapen til Tikhanovskaja var at strenge økonomiske sanksjonar mot statsselskap som gjev pengar i kassen og held Lukasjenko flytande, kan føre til fallet hans og ein fredeleg overgang til demokrati.

Kollaps

Opposisjonsleiaren viser til at Sovjetunionen totalt uventa kollapsa på seks dagar og seier at det kan skje fort òg i Kviterussland.

– Jobben vår er å vere førebudde og fullt mobiliserte, seier ho til amerikanske medium.

Tysdag gjennomførte ho ei rekkje møte på høgt nivå i Washington, både personar i Biden-administrasjonen og leiarar i Kongressen. Ho bad USA innstendig om «aktive og ikkje-symbolske» tiltak som svar på undertrykkinga av dissidentar i Kviterussland.

Tikhanovskaja var nøgd med den verbale støtta frå president Biden, og ho kalla det eit stort skritt i riktig retning.

– Men vi har framleis ein lang veg å gå, sa ho.

Ikkje konkrete tiltak

I ein samtale med AP seier ho at ho har fått lovnad frå Biden på at USA vil stå saman med Kviterussland i den vanskelege kampen som går føre seg. Ho fortalde at dei ikkje snakka om konkrete sanksjonar, men at det var nødvendig å stramme til overfor Lukasjenko-regimet.

Opposisjonsleiaren, som bur i eksil i Litauen, nabolandet til Kviterussland, seier at det mest effektive mot Lukasjenko er nettopp ytterlegare sanksjonar.

– Eg er sikker på at USA vil gjere det rette og stå side om side med kviterussarane i denne kampen. Vi får sjå kva den amerikanske responsen blir, men eg er sikker på at nye sanksjonar er like om hjørnet. Amerikanske og europeiske sanksjonar vil påføre regimet enorme skadar, seier Tikhanovskaja.

Massedemonstrasjonar

Kviterussland opplevde masseprotestar mot Lukasjenko etter presidentvalet i august 2020. Opposisjonen og Vesten omtalte valet som manipulert. Regimet svarte med å sende fleire tusen politi- og tryggingsstyrkar ut i gatene, der dei hamra laus på demonstrantane. Over 35.000 vart arresterte.

Leiande opposisjonelle personar har vorte fengsla, blant dei ektemannen til Tikhanovskaja, eller tvinga til å rømme landet. Uavhengige medium har vorte raida og stengde, mange av journalistane er arresterte.

Noka form for fri presse eksisterer ikkje lenger i Kviterussland.

Vesten har svart med sanksjonar, og det vart stramma ytterlegare til i mai etter at eit passasjerfly frå Hellas til Litauen vart tvinga ned i Minsk, der ein opposisjonell vart dregen ut og fengsla.

Regjeringa i Vilnius skuldar regimet i Minsk for å sende ein straum av migrantar frå Midtausten og Afrika over grensa til Litauen for å skape kaos.

Pengar og makt

Tikhanovskaja seier at Lukasjenko-regimet er bygd på pengar og fysisk makt og at opposisjonen prøver å rive ned den eine av dei to pilarane. Økonomisk press mot kameratgjengen rundt Lukasjenko vil føre til splitting og forhåpentleg at alle kjempar mot alle.

– Vi lyttar til folk på grasrota. Det er ikkje godt å seie nøyaktig kva som kan utløyse nye massedemonstrasjonar og eit politisk ras, men utolmodet veks. Folk flest er ikkje lojale mot regimet, men fryktar for sin eigen og tryggleiken til familien, seier opposisjonsleiaren.

Ho legg til at sanksjonar ikkje løyser alt og vil ikkje bringe demokrati til Kviterussland. Men dei vil splitte elitane og kanskje få den inste ringen av Lukasjenkos sine medsamansvorne til å skjønne at tida til presidenten er over.



(©NPK)