Korona-resesjonen over i eurosona

Økonomien i eurosona voks med 2 prosent i andre kvartal. Den økonomiske resesjonen som følgje av pandemien ser dermed ut til å vere over.
utenriks

Oppgangen er sett i forhold til første kvartal. Frankrikes økonomi voks med 0,9 prosent, medan Tyskland registrerte ein vekst på 1,5 prosent i andre kvartal.

I Portugal, som vart hardt ramma av pandemien, voks bruttonasjonalproduktet (BNP) med heile 4,9 prosent.

Til liks med dei fleste andre regionar i verda vart eurosona svært hardt ramma økonomisk av pandemien. Koronaviruset og tiltaka mot det utløyste ein kraftig resesjon med to separate nedturar, avløyst av ein oppgangsperiode i midten av fjoråret.

Også i første kvartal i år krympa økonomien i eurosona, då med 0,3 prosent. Men no ser resesjonen ut til å vere over.

Inflasjonen i eurosona steig til 2,2 prosent i juli, ifølgje dei nye tala som vart lagt fram av Eurostat fredag. Dermed ligg prisstiginga noko over Den europeiske sentralbankens mål.

Arbeidsløysa i juni gjekk litt ned til 7,7 prosent.

(©NPK)