Jordskred har kravd over 100 liv vest i India

Jordskred utløyst av kraftig monsunregn har kravd minst 112 liv vest i India, opplyser styresmaktene.
utenriks

Ifølgje talsmenn gjekk det natt til fredag minst tre store jordskred i Raigad-distriktet i delstaten Maharashtra, rundt 100 kilometer sør for Mumbai.

Minst 38 kom i eit jordskred i byen Taliye, som ligg rundt 18 mil frå Mumbai. I same delstat vart det registrert ni andre skred, som til saman kosta 57 menneske livet. Ytterlegare 15 har omkomme i ulykker knytt til det kraftige regnvêret, opplyser styresmaktene.

Fleire menneske er framleis sakna, og redningsaksjonar går føre seg.

Rundt 1.000 innbyggjarar har vorte evakuerte frå området, mange av dei etter å ha søkt tilflukt på hustak. Fredag minka regnet noko, og vasstanden sokk.

(©NPK)