USA og Mexico samde om å samarbeide om migrasjon

USAs visepresident Kamala Harris og Mexicos president Andres Manuel Lopez Obrador lova fredag ​​å samarbeide om å løyse problema med ulovleg migrasjon til USA.
utenriks

Under det virtuelle møtet frå kontoret sitt i Washington sa Harris mellom anna at dei to landa burde samarbeide om å hjelpe El Salvador, Guatemala og Honduras med å betre leveforholda i desse landa, og overtale fleire migrantar til å bli heime.

– Dei fleste ønskjer ikkje å reise heimanfrå. Når dei gjer det, er det ofte fordi dei flyktar frå øydelegging, eller fordi dei ikkje har moglegheiter, sa Harris.

Obrador snakka om årevis med spenningar mellom landa knytt til migrasjon, og sa «vi treng å forstå kvarandre og unngå å slåst.»

Han la til at Mexico støttar den migrasjonspolitikken USA no har.


(©NPK)